Bilder tatt med Diana f+ i sommar, spørsmål om skule og sånn.

Untitled

Kosar du deg?
Eg storkosar meg, og det er så herleg, for då veit eg at eg har valgt riktig.

Skal du til utlandet etterpå?
For å få bachelorgrad må eg ta eit (eller to, om ein vil) år i utlandet etter to år på NKF, og sidan eg vil ha bachelor har eg tenkt å gjere det! Skal mest truleg til England sidan det ser ut som om universiteta der passar meg best.

Kvar har du tenkt deg vidare?
Som eg nemnte over tenkjer eg å ta bachelor i utlandet etter to år på NKF, etter bachelor leikar eg med tanken om master i design (som eg kan ta her i Bergen til og med), men det er framleis berre ein tanke.

Untitled

Kven inspirerer deg innan grafisk design?
Eg har ikkje funne mitt ultimate forbilde når det kjem til grafiske designarar endå, men om eg passerer ein bra plakat eller finn eit bra platecover søker eg ofte opp designaren for å sjå og lære.

Kva område tenker du no at det hadde vore kjekt å jobbe med?
Eg likar å mikse illustrasjon, typografi og foto i grafisk design, og har lyst til å arbeide mest med trykksaker som platecover, magasin og liknande.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *