I dag er det verdas beste fredag. Litt fordi fredagar kanskje er min favorittdag, litt fordi eg har gleda meg til denne fredagen sidan måndag. Fordi nokre gonger er det dei små tinga som tek størst plass. Og det er ein sånn fredag som denne, som eigentleg er ganske liten og vanleg fredag, som fyller heile hjartet mitt med konfetti.
IMG_3
Litt fordi kofferten har vore ferdigpakka sidan onsdag. Litt fordi skuledagen berre varte til halv tolv som gjorde at om eg småsprang litt i haustvinden så rakk eg ein tidlegare buss med forventningar.

Allerallermest fordi det sit ein fin ein på ein annan buss og møter meg på halvvegen. Fordi sjølv om det er ein vanleg fredag så er det ein fredag som seier at no startar ei helg eg kan gjere kva eg vil med, og det er akkurat det eg har tenkt å gjere.

ps, 11.11.11

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *