Eg har hatt lyst til å endre namn på bloggen min lenge. For det første fordi “tenkepauser” ikkje er nynorsk eingong. Og eg er heilt klårt ein nynorsk-bloggar. For den andre er det ein url som eg har brukt sidan eg starta blogg for lenge lenge sidan, ikkje spesielt gjennomtenkt i det heile. Samstundes ville eg vente med å endre adresse til eg var heilt sikker på kva eg ville endre det til, for det er ein liten prosess knytta til det der med flytting.

Men no tar eg eit lite steg, eg endrar namnet men ikkje adressa. Adressa kjem etter seinare ein gong, eg eg seier sjølvsagt frå når det skjer! Men så kan ein bli litt van med det nye namnet før ein hoppar i det også.

Bergteken.

Eg rota det fram frå eit fjernt minne om eit skodespel eg var med på som førsteklassing. Historia om Brita frå Undredal som blir bergteken av huldrene og aldri kjem tilbake. (for spesielt intresserte fann eg til og med bilete frå det heile på Aurland.com)

Men ordet bergteken betyr for meg å bli fjetra, rive med av noko vakkert. Det er eit klingande ord, og det representerer det eg vil at bloggen min skal vere. Så då blir det vel ikkje så mykje betre, det er akkurat eit slikt namn eg ville ha. Så passar det jo bra at eg kjem frå høge Sogn med sine høge berg og djupe dalar og med huldresoger og heile pakken. Velkommen, håpar du blir bergteken! Det vert vel bra.

Var berre det eg ville seie!

18 thoughts on “Bergteken – del 1

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *