Untitled

Dei siste åra på Kunst- og designhøgskolen har eg brukt mykje tid på å lure på kva som eigentleg skal skje no. Så det kjennes litt rart å plutseleg vere her. 23 år, ferdig med bachelorgrad i visuell kommunikasjon, ein tåkelagd sti framover eller kva no enn som dukkar opp til ein nyutdanna grafisk designar. Det spørsmålet eg får kanskje aller mest er om det eigentleg går an å leve av grafisk design. Etter kvart byrjar ein å stille seg sjølv same spørsmål.

Utan å få svar.

Skulle eg flytte tilbake til Reykjavik, ta ein master og utsette tomheita eit par år til, få meg ein halvrelevant jobb eller eit trongt freelancekontor med tynne pappveggar. Ein ombestemmer seg liksom tre gonger for dagen minst. Men for eit halvt år sidan vart eit val tatt. I byrjinga kjendes det litt framand, som når ein planlegg å reise saman til sommaren men innerst inne veit at det aldri vert noko av. Berre at denne gongen vert det noko av.

Me blir til eit heilt lite AS; Hanne, Aurora og meg. JAHJAH (for Johanne Aurora Hanne sjølvsagt) og me skal ha eit pittelite kontor med sjølvkonstruert arkitektskuffe-sofa og kaffitraktar i vinduskarmen.

!!!

(det kjem meir om dette framover altså)

7 thoughts on “Around the corner

  1. Gud kor kjekt og spennande!!!!

    Sjølv har eg ein bachelorgrad i journalistikk om ei veke (hjelp, eksamen på torsdag), og det er jo heilt håplaust å få seg jobb som journalist. Likevel er eg usikker. Så alt er så åpent. Vurderer å flytte til andre sida av jorda og ta eit jobbår. Australia f.eks.

  2. åh dette var fryktlig godt sagt akkurat det jeg tenker nå. ferdig med en BA og vet ikke helt hvordan jeg kan leve av den, tenker å ta en MA for å utsette voksenlivet, men tror jo ikke det hjelper. høres sykt hyggelig ut med et lite kontor sammen med venninner, håper dere lykkes!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *