Har kopiert spørsmåla direkte, så dette blir ein miks av bokmål og nynorsk. Eg har ikkje sortert dei på nokon måte heller, men spørsmåla har utheva skrift så ein lett kan bla nedover og lese det som ser gøy ut. Eg postar i fleire delar.

Hvordan redigerer du bildene dine slik at de blir sånn vintage-ish?

Eg redigerer ikkje bildene mine! (Eit unntak er om det havnar støvflekkar på dei, dei plar eg ta vekk om dei er forstyrrande). Grunnen til at dei blir “vintage-ish” er at eg fotograferer analogt, altså med filmrull på gamlemåten. Då får dei den effekten som mange vil lage kunstig i redigeringsprogram.

Untitled

Hva er du absolutt mest fornøyd med ved deg selv (1 indre og 1 ytre)?

Indre: min evne til å snu alt på hovudet (dette kan vere både positivt og negativt avhengig av situasjonen) Ytre: klesstilen min vil eg tru.

Hva er det beste du liker å spise?

Ein skikkeleg god pizza margaritha, lasagne, mat med (sterk, ikkje sånn utvatna) sze chuan-saus.

Untitled

Hvor bor du?

Er hybelbuar i Sogndal, men heime er framleis Aurland. Nesteår flyttar eg meir på ordentleg. (glermeg, gruarmeg)(!!)

Hvem bor du med?

På hybel bur eg med to andre jenter. Ei eg kan sjå på dårleg tv og skrekkfilm med, ei eg kan drikke te og høyre historiar frå India med (fordi ho var eit år i India i fjor). Pluss mykje anna sjølvsagt.

Føler du deg ensom?

Nokre gonger. Men eg innser at eg ikkje har nokon grunn til det.

Untitled

Har du angst?

Angst er vel ein diagnose eg ikkje kan stille for meg sjølv. Eg har dårlege dagar med dumme tankar, eg saknar, er sliten, tenkjer for mykje, men mangemange fleire bra dagar.

Hva er din absolutte favorittlukt i hele verden?

Nyvaska klær, ah!

Hvor lenge har du fotografert?

Eg har eigentleg likt å knipsa bilder så lenge eg kan hugse, men starta å ta meg sjølv litt meir seriøst når eg byrja med analog foto i slutten av 2009/byrjinga av 2010.

Hvor mye sover du i gjennomsnitt hver natt?

Åtte timar ca.

Hvor mange sko har du?

Tolv par pluss eitt par gule og eitt par svarte støvlar.

IMG_0019

Har du en favorittruse?

Ja, den er svart med blonder.

Hvor mange ullgensere har du?

Fem, færre enn eg trudde.

Hvor er den beste plassen på jorda?

Det veit eg ikkje endå!

Untitled

Hva heter favorittboken din?

Appelsinpiken av Jostein Gaarder.

Hva vil du gjøre før du dør?

Leve!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *