Januar, kalde januar kom med varme bergenskveldar og eg vart kjærast med ein fin bergensar. Eg fekk mørkerom i bursdagsgåve og eg og pappa budde på hotell i Stavanger når me henta det.

Februar, feira eg bursdag på etterskot i London og Oxford saman med bestevenner sidan for alltid.

Mars, reiste eg til Bergen og Bergen og var både to og tre saman med favorittane mine.

Negative0-15-15A(6)
Negative0-17-17(5)

April, kom ein etterlengta ven heim frå eit heilt år i India og me feira med Kaizers i Oslo spektrum og gnagsårplaster og tog.

Mai, vart det vår og eg reiste endå meir til Bergen og var til og med på akvariet for å sjå på pingvinane og krepsane.

Juni, fekk eg nytt mørkeromsutstyr nummer to og satte opp mørkerom på ordentleg og framkalla heilt vellukka for første gong og avslutta andre år på vidaregåande. Det var sumarferie og eg var på Gotland og sykla og åt pannekaker på kafé.

scan0018
scan0056

Juli, var det meir sumar i skjærgården og med eingongskamera og saman med andre fine.

August, starta eg på siste år på vidaregåande og var på Kaizers ein gong til saman med fleire.


September, reiste eg til kjærast og overraska på bursdagen sjølv om det ikkje gjekk heilt som planlagd. I Sogn kom ein seg gjennom regnkveldar med Harry Potter-maraton og kaféar saman med klassekameratar og andre kameratar.

Oktober, var eg i Budapest og og Bergen dobbel B.

IMG_0028
IMG_0004

November, var eg på Team Me og Fleet Foxes same veka og feira litt bursdagar og kvardagar.

Desember, bakte me pepperkaker på hybelen med tomme brusflasker som kjevle, vart eg ferdig med særemne og sakna ein fin ein veldigveldig og feira jul på ordentlig bra vis.

Kjære totusenogelleve, takk for alt du lærte meg, dette har kanskje vore det mest lærerike året i mitt liv. På så mange måtar. Kjære totusenogtolv, du kjem med det eg har venta på så utrulig lenge: slutt på vidaregåande, starten på resten av framtida.
Godt nyttår, godt nytt år!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *