Tag: width-narrow

Takk fyrir síðast

Gjekk 10 km gjennom mosegrodd lavastein, haika til andre sida av øya, såg fyrverkeri over Vatnajökull, åt dirty burgers, rømde frå australske menn som berre vil snakke å haike gjennom om Canada, tok feil sti i Hveragerði, gløymde regnjakka på ein bussholdeplass, venta på buss, drakk kaffi,

Að eilífu

Sommaren har vore lang, men plutseleg kort no når den snart er over. Som eit sideprosjekt bestemde eg meg for å oppdatere eit gamalt skuleprosjekt, ei fanzine om skumring på Island og om forelskelse som vert besettelse. Trykka i pantonegrøn og pakka inn i plastikk, den

Berre Reykjavík

Island rundt på fem dagar: Dag 1 / Dag 2 / Dag 3 / Dag 4 og til sist ein kikk innom den vakre byen i den røykfylde vika.

Around the corner

Dei siste åra på Kunst- og designhøgskolen har eg brukt mykje tid på å lure på kva som eigentleg skal skje no. Så det kjennes litt rart å plutseleg vere her. 23 år, ferdig med bachelorgrad i visuell kommunikasjon, ein tåkelagd sti framover eller kva no enn

Let’s take a break

1-2: Reykjavík 3: graffiti-oppslag i BA 4: a romantic boy 5: Dimmu Borgir (staden, ikkje bandet altså) 6: No. 1 girls 7: Krafla

BA

I går henta eg magasinet som høyrer til bacheloroppgåva mi på trykkeri i Årdal, det er no akkurat ei veke til eg er ferdig! I heile dag har eg kutta ut små ruter i framsida og delt opp bussetestoff som skal vere med i coveret.

Lavafields forever

Fire døgn, 1 500 km. Eg har så mykje bilder som eg skal sortere og hygge meg med over ein kopp kaffi søndag morgon. Men ein liten smugstart kjem her, frå det geotermiske området Krafla nær Myvatn. Island er det vakraste eg veit.

Studio ii

Ein siste titt på nokre av møbelfotografia for Stine Aas. Eg skal tørre å vere meir fotograf framover, av ein eller annan grunn la eg det i den støvete hobbyskuffen når eg byrja på KHiB fordi eg kjende at eg burde fokusere på kun grafisk

BA

Eg skriv bachelor, nesten heile påsken, av og til skulle eg ynskje eg kunne berre vere bachelorstudent resten av livet og ikkje ha nokre bekymringar om å nedbetale studielån eller om det no eigentleg finns nokon jobbar som grafisk designar. Men så sjukt bra det

Gneisenaustraße

Ein siste rest av februar-Berlin, minusgrader, lange dagar og endå lengre netter. Lengtar litt ut, kanskje til Berlin, mest til Island. Det er snart på tide å bruke opp det flybillett-gåvekortet eg fekk i bursdagsgåve.

Some places I liked in Berlin

do you read me?! Auguststr. 28 Magasin frå golv til tak. Mykje internasjonalt, mykje bra. Motto Skalitzer Str. 68 Fanziner, bøker, musikk, magasin. Jet Foto Dircksenstr. 89 Her framkalla eg film medan eg budde i Berlin, eigentleg kan ein vel framkalle film på kvart gatehjørne

Week 5 (bonus week)

Eigentleg skulle eg vere fire veker i Berlin, men klarte å strekke det til fem. Den siste veka flytta eg frå leiligheita i Johanniterstrasse til eit rom med svære vindauger i Gneisenaustrasse. Taket var nesten overveldande høgt og null kjøkken tilgjengeleg – men verkeleg bra takeaway rett

23

Søndag vart eg heile 23 år, drakk øl og åt is i Berlin. 23 vert spanande, eg skal skriva ferdig bachelor og finne ut kva som kjem etterpå. Tankane mine rundt det har gjennomgått litt endringar for tida, kanskje fordi det plutseleg slo meg at

Week 3

Snøen forsvann over natta, det kjenns som vår og me drikk øl på veg mellom trykkeri og studio.

Blank Blank

Her sit eg om dagen. Blank Blank-kontoret er alt ein ønsker seg.

Week 1

Berlin er kaldt og fint, masse jobb, masse gøy. Har endeleg rota meg til å framkalle filmrullane frå dei to første vekene. Har for det meste tatt bilder av Berlingater, bakgården eg bur i og frosne vasskanalar. Tida flyr, skulle ønske fem veker var mykje

Berlin Berlin

  No flyttar eg altså, til Berlin, for ein liten månad! Med meg har eg berre eitt kamera og alle filmrullane eg fekk plass til, ei lita tysk ordbok, ei lita notatbok det står “schön” på som eg har skrive masse adresser i. Eg har

2015

I fjor hoppa eg over, men i år held eg fram tradisjonen med ei lita oppsummering av året, den same lista som alltid: Gjorde du noko i 2015 som du aldri har gjort før? I år har eg tatt mi første tatovering, og farga håret for

Å finne fram, og tilbake

Som siste prosjekt før eg skriv bachelor gjer eg total remake av min portfolio. Eigenprofilering om du vil. Eg har stått på hovudet ned i gamle arkiv for å prøve å få fatt i så mykje som mogeleg av det eg har laga gjennom min

Grain 2

Resten av dei kornete svartkvittbileta eg tok på Island i august. Lengtar sånn pittelitt.

Október

Fire fantastiske oktoberdagar på favorittøya. Seks veker sidan forrige visitt, skal klare å halde meg heime litt lengre denne gongen. Trur eg.

Grain (Ísland)

I august var eg tilbake på Island, og heim igjen tok med meg ein kornete svartkvittrull. Det var etterlengta gjensyn, rykande varme kjelder, seine netter, skarpe vulkanar og mjukt seinsommarlys. Alt eg ønska meg pluss litt til, allereie første oktober skal eg tilbake endå ein gong.

Out of Reykjavík (by bus)

Utan lappen var eg pent nødt til å få rundreisinga på Island til å fungere med buss, og det vart langt ifrå så problematisk som eg hadde frykta. Her kjem ein liten tips-guide med favoritt-bussturane mine ut frå Reykjavík. Dette er berre dagsturar, lengre turar

Reykjavík, a guide

Reykjavik er ein liten by, og etter eit halvt år vart eg godt kjend med det meste av den. Eg har brukt mykje tid på å setje saman ein ordentlig guide, og håpar den kjem til nytte for nokon! Reiser å ta ut av byen

Triple

Eg er fotograf (og art director, puh) for Masterutstillingen i design 2015 (Kunst- og designhøgskolen i Bergen), og dette er ein foto-smakebit frå våre dagar i fotostudioet. Bildene er tatt analogt og eksponert fleire gonger, og eg kan ikkje hugse å ha vore så sliten

Krakow

Sju dagar på studietur i Krakow, designstudiobesøk, museum, gatevandring, tedrikking, mat, øl, og endå litt meir mat og øl. Kollapsa på sofaen då eg kom heim til påskeferie, det er slik ein veit at det har vore ein bra tur.

1 457

Det er 1457 km frå Bergen til Reykjavik. Det er 1457 km frå kroppen til hovudet mitt.

Ísland

Det tok litt tid, men så kom saknet. Saknet etter det halvåret som forsvann litt for fort. Det er tomt ein stad eg ikkje veit heilt kvar er, ein stad eg ikkje visste fanns. Men det er vel slik ein veit at det var verd det. At

Norræna húsið

Dette er bilde av eit av mine favorittbygg i Reykjavik: Norræna húsið, teikna av Alvar Aalto på sekstitalet. Hit pleide eg å ende opp på søndagsturar med kamera over skuldra. Min siste dag i byen gjekk eg også hit for å forevige synet i vinterlys. Etter julefeiring

Weekend

Island kan vere eit litt tricky land å oppleve om ein ikkje har vore her før og ikkje veit heilt kva ein vil prioritere. Som ei slags julegåve og guide-start har eg satt opp eit mini weekend-forslag som eg sjølv ville ha brukt om eg kom til Reykjavik for

Black beach + white glacier

Island-sørkyst i vinterdrakt. Eg vert aldri mindre fasinert av kontrasten den svarte lavagrunnen på denne øya gir. Kolsvart sand, stein, klipper. Endå svartare verker dei saman med krittkvit snø og bølgjeskum, ein finn ikkje landskap som dette kvar som helst. Island, du er så vakker! Hugs

Goodbye Listaháskóli

Fredag var min siste dag på Listaháskóli. Klassen rigga opp til semesterets siste framføring av prosjekt før me pakka alt saman igjen og tok juleferie. Det kjendes litt rart å kaste alle kaffipappkrusa og pakke saman skissebøkene og forlate klasseromet ein aller siste gong. Litt ekstra tomt, til tross for

On goodbyes

  Eg hatar at ting tar slutt. Eg er ein person med kjensler i heile meg, heilt ned i det ytterste av tærne, og når eg må ta farvel med noko bra verker det i kvar centimeter. Og eg gruar meg til å ta farvel

Sunday

Søndagar er til for kafé og ikkje så mykje anna, og denne søndagen var akkurat sånn. Me åt frukost og drakk kaffi lenge. Gjennoppdaga Harpa ved havna. Tok bilete i vinterlyset så lenge det vara, for no er det ikkje så mange timar med dagslys

Snowy saturday

Første laurdagen i desember. Me sov lenge og åt frukost på bakeri og henta oss kaffi frå Reykjavik Roasters sin pop-up kafé på kunstmuseet. Sånn passe slapp laurdag som ein treng etter å ha levert inn semesterrapport og hatt trykkdeadlinar tett i tett den siste

Arnarstapi

Endå ein pitteliten fiskeby ein passerer på runden gjennom Snæfellsnes. Ei kystlinje med kolsvarte mosegrodde klipper, djupturkist hav og bitande vind. Slike stader er så stille om hausten, og gjer dei endå meir magisk.

Stader besøkt på Island til no:

    Eg har nesten kryssa av heile lista eg hadde i bakhovudet når eg kom hit, pluss ein del ekstra eg har fått tilfeldig på kjøpet. Planen er å komme meg på ein buss til Akureyri om ikkje så alt for lenge og få

Lights

Reykjavik har ein mørketid-tradisjon. Lysande trær. I kvar gate finn ein minst eitt lyssett tre som speiglar seg i parkerte bilar og mørke vindauger. Ein roleg fredagskveld kan ein gå heilt uforstyrra og berre nyte synet og stillheita. Reykjavik er den stillaste byen eg veit. Og eg

Living tech

Eg har vore meir enn dårleg til å dele det me gjer på skulen, av den enkle grunn at eg er gløymer å dokumentere det. Men dette er ein film ei i klassen laga frå den store presentasjonen me hadde for ei veke sidan. Me

Stykkishólmur

Ein av desse pittesmå kystbygdene ein møter på langs vegen. Av og til kjennes det som ein trer inn i eit anna univers, der alle gater er tomme og ein brukar båt i staden for bil.

Half

  Eg er omtrent midt i Islandopphaldet. To månadar har gått, og to månader gjenstår. Reykjavik er endå betre på nært hald, ein avstandsforelskelse har blitt ei skikkeleg forelsking. Tida har gått så fort at eg nesten ikkje kan tru det. Eg er ikkje klar for

Laurdag

I går reiste eg nordover til Snæfellsnes og var der heile dagen. Eg beslutta raskt at dette ikkje kunne vere siste turen opp dit. Sat igrunn på feil side av bussen når det kom til å fange dei vakraste bileta, men det var nesten greit å ha

Þorvaldseyri

Þorvaldseyri ligg rett under fjella og breen som høyrer til vulkanen Eyjafjallajökull kjend frå utbrotet i 2010. Det er så vakkert at det nesten tek litt pusten frå deg. Rett rundt svingen finn ein også nydelege Skógafoss, som er ei bra erstatning for Gullfoss om

Daydream believer

For litt over to år sidan kom eg til Bergen etter vidaregåande. Hadde ikkje komen inn på Kunsthøgskulen trass i innkalling til intervju og opptaksprøve, og skulle derfor byrje på Norges Kreative Fagskule. Det budde ein pitteliten grafisk designar i magen som hoppa og spratt kvar gong

My magazine list

The Gentlewoman Den udiskuterbare favoritten. Lengre intervju med bra damer, ein layout som får magen til einkvar grafisk designar til å kile, og sterke foto trykka på fleire papirkvalitetar. Kjem ut to gonger i året men kan takast fram igjen og igjen heilt til neste