Untitled

Som siste prosjekt før eg skriv bachelor gjer eg total remake av min portfolio. Eigenprofilering om du vil. Eg har stått på hovudet ned i gamle arkiv for å prøve å få fatt i så mykje som mogeleg av det eg har laga gjennom min førebels korte karriere som grafisk designar.

Der nede fann eg også eit nedstøva minne om kor glad eg var (og er) i analog fotografering. Kor stor del av livet mitt det brukte å vera. Så no vert arbeida mine foreviga med litt for skarp blits og kornete overflater, det kjennes meir som meg. Den delen eg hadde gløymd litt vekk men er så glad for at eg fann att.

4 thoughts on “Å finne fram, og tilbake

  1. Åh så fint. Og så godt å finna tebake te no ein e glad i. Det gjenspeiles i bildene dine. Og den grafiske kunsten din. At det e no du e glad i å gjør. Flinke du <3

    // Tusen takk for det du. Syns frost e kjempefint. Men når det e så glatt at ein nesten ikje kan bevega på seg då e det ikje lika gøy. Då vil eg heller ha regn, hehe. Heldigvis har det blitt mindre glatt nå, men eg har broddene ligganes framme i tilfelle 😉

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *