Medan det regnar

Untitled
Untitled
Untitled

Vårsola har blitt byta ut med vårregn i Bergen. Pøsande, styrtande vårregn faktisk, men på eit merkeleg vis er det litt herleg det óg. På eit par regnværsdagar fekk eg gjort unna alt eg hang etter med pluss ting eg berre hadde lyst til, og det kjennes skikkeleg bra. Regnværsdagar er for meg i det minste veldig effektive. Og eg treng dei sidan det er mykje som foregår akkurat no. Men i kveld kjem langvegsfrå-besøk nummer to, og eg gler meg som eg gjorde når eg var ti år yngre! Døgnet har akkurat passe med timar for tida, og eg elskar når det er sånn.

Join the Conversation

15 Comments

  1. Akkurat nå er jeg også glad i regn, fordi jeg kan bruke den gule regnjakken min.
    Bloggen din er så utrolig fin og inspirerende. Jeg liker fotografiene dine og måten du skriver på.

  2. Nydelge bilete!

    Eg blir glad av slikt lett vårregn som berre so vidt legg att nokre regnflekkar på jakka og buksa, men som fordampar nesten før du har komt deg inn. Det er verkeleg ei herleg kjensle når dagane strekk til (eller er det ein sjølve som strekk til?).

  3. Eg har ikkje akkurat vore effektiv desse regnversdagane, men eg dei har vore fine i form av turar med lette regndropar mot hår og kinn samstundes som eg har gått gjennom skog som luktar regnfriskt.

  4. Så bra!! Her er det for øyeblikket mye å gjøre og strålende sol, men det er og effektivt om man har et piknikteppe og et jorde å ligge i. Det første bildet (egentlig alle tre) er bare helt magiske!

  5. Bildane dine asså. Eg seie åh herregud så fint inni meg kvar gong eg ser de. Og dessa bildene e bare åh så VAKRE. Eg konne tenkt meg det fysta bildet i ei ramma på veggen <3

    / Oj, tusen tusen takk Johanne. Det må vær ein av dei finaste kommentarane eg har fått, sånn ever. Sende tusen internettklemmer te deg. TUSEN.

    <3 <3 <3

  6. Vakre bileta. Her i sør har det vært mykje regn i det siste også, sjølv om eg plages av å ikkje ha noen tørre sko så er det litt greit og for då smeltar snøen og gjere ting lettare (: Greit med litt sol her og der også da (:

  7. Og dit skal me til sommaren. Ein god tanke. Hadde gløymt kor vakkert det var der.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *