Untitled

I vinter drøymde eg om alt som skulle bli mogeleg til våren, sitte ute på kafé og ha endå meir tid til overs, og akkurat slik vart det. Frå april og til sommarferien har me mykje mindre undervisning enn me vanlegvis har, og eg fyller tida med Phono og får besøk langvegsfrå og drikk te til klokka kryper over midnatt og teiknar i fellesskap og ikkje minst sit på kafé ute i sola. Eg gløymer å ta bilder for tida men kvardagar som desse burde eigentleg bli foreviga slik at eg kan ta dei fram igjen på regnværsdagar, så eg har lova meg sjølv å kjøpe fargefilmrullar og fange vårlyset. Tida går så fort men det er vel berre eit teikn på at ein har det gøy.

15 thoughts on “April

  1. og det at du har det gøy er jo bare supert! det er akkurat slik det burde være!
    himla fine og friske bilder forresten ååh gleder meg sånn til sommer.

  2. Det er so herleg å vakne opp til vårgul sol utanfor, det gjev i grunn meir energi til å nyte livet. Og til å gjere litt slike tin gein må òg, sjølvsagt.

  3. Kos deg vidare i vårsola. Ikkje godt å vite når skyene kjem. Då er det i alle fall flott å sjå slike fargerike bilde. Druer…nam, nam.

  4. Jeg har ventet lenge på denne våren og sommeren som snart følger etter. Det hele er så fantastisk deilig, og til og med regnværsdager som i dag er fint, fordi det minner meg om sommer. Det er varmt, jeg kan gå med sommersko og eventyrene sniker seg inn i livet. Beste tiden på året, og enda skal det bli bedre!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *