Ein heilt spesiell nostalgi

Dette er på ingen måte eit forsøk på å relansere ein blogg som aldri tok av. Men det er noko med hausten, kanskje spesielt dei grå dagane, som får meg til å mimre tilbake til ei tid der alle hadde “sitt vesle hjørne av internett” og søndag formiddag var dedikert til å scrolle gjennom desse små hjørnene, børste litt støv og legge igjen ein kommentar. Det ligger ein pitteliten del av ungdomstida mi her. Noko har gått tapt undervegs; det som ikkje kunne flyttast frå blogspot (kven hugsar denne plattformen?) til WordPress i 2013 då tenkjepauser (2009 – 2013) vart bergteken (2013 – 2019), og innlegg som vart sletta den våren eg tok meg sjølv litt for høgtidleg. Heldigvis kunne resten flyttast utan større komplikasjonar til mitt eige domene i 2020.

Kvar vil eg? Eg vil berre tørke litt støv ein grå haustdag. Eg går lengta litt i møte, lengta etter små kollasjar med ønskelister og Alexa Chung i ballerinasko. Forresten kjøpte eg nettopp eit par med Miu Miu ballerinasko i lilla fløyel og rutete knytebånd på eBay. Dei toppa ønskelista i 2016.

Sommar og segling

Aleksander flyttar i båt. Seglbåt. Før heitte den Melodie, no skal den heite Edda. Namnet er skrapa av skroget. Me seglar fleire turar. Det er ferie og heime på same tid. Han bur der båten ligg, eg er på tur. Eg lærer halvstikk, men klarer ikkje å få til pålestikk uansett kor mange gonger eg trenar. Me drikk morgonkaffien på dekk. Om det regnar er det berre å slå opp kalesjen. Badar, fyrer bål og fiskar makrell. Vekene går av seg sjølv, heilt utan vår hjelp.