Að eilífu

 

Sommaren har vore lang, men plutseleg kort no når den snart er over. Som eit sideprosjekt bestemde eg meg for å oppdatere eit gamalt skuleprosjekt, ei fanzine om skumring på Island og om forelskelse som vert besettelse. Trykka i pantonegrøn og pakka inn i plastikk, den blir del ein av to. Heilt unyttig, men ei god øving i å formidle visuelt det som finns inni meg. Så kanskje ikkje heilt unyttig likevel.

 

Ikkje i stein

 

Untitled
Untitled

 

Denne veldig gule saken er ein del av oppgåvebesvarelsen i typografi-kurset me hadde i september. Det er ein tosidig plakat-foldout som utforskar handlaga vs. digitalt og tar eit steg vekk frå jakten på det perfekte / tidlause. Målet var å rive meg sjølv laus frå frykta for å lage noko stygt og omfavne det midlertidige. (det som ikkje er skrive i stein – derav namnet). Silketrykk på tynt avispapir.

 

 

Ice

Untitled
Untitled

 

I to veker har me valfritt prosjekt på KHiB (min favoritt, ja takk meir av det) og eg lagar ein 32 siders svær (A3) booklet med masse rare Island-greier. Kodar også ei lita heimeside som skal høyre til, sånn for læringsmål-breidden si skuld. Trykker silketrykk, lagar collage og redigerer digitalt om einannan, øver meg på å lage meir rotete ting (eg har ein tendens til å bli veldig ryddig i designa mine). Gøy å få gjere sprø ting med Island-matreale.

 

 

Goodbye Listaháskóli

Untitled
Untitled
Untitled

 

Fredag var min siste dag på Listaháskóli. Klassen rigga opp til semesterets siste framføring av prosjekt før me pakka alt saman igjen og tok juleferie. Det kjendes litt rart å kaste alle kaffipappkrusa og pakke saman skissebøkene og forlate klasseromet ein aller siste gong. Litt ekstra tomt, til tross for havet av papir og prints og utstyr og potteplanter. Men så godt det kjennes å ha klart det! Eg har utveksla til Island!

 

 

Living tech

 

Eg har vore meir enn dårleg til å dele det me gjer på skulen, av den enkle grunn at eg er gløymer å dokumentere det. Men dette er ein film ei i klassen laga frå den store presentasjonen me hadde for ei veke sidan. Me hadde jobba i grupper i over fem veker og koda diverse rare fungerande og ikkje-fungerande teknologi.