Sunday

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Søndagar er til for kafé og ikkje så mykje anna, og denne søndagen var akkurat sånn. Me åt frukost og drakk kaffi lenge. Gjennoppdaga Harpa ved havna. Tok bilete i vinterlyset så lenge det vara, for no er det ikkje så mange timar med dagslys att her oppe. Har gløymd vekk kvardagsfotograferinga litt dei siste månadane, det var godt å ha kameraet med over skuldera igjen. Lova meg sjølv å passe på å dokumentere Reykjavik litt betre, både for den planlagde guiden og mi eiga skuld.

 

 

Snowy saturday

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Første laurdagen i desember. Me sov lenge og åt frukost på bakeri og henta oss kaffi frå Reykjavik Roasters sin pop-up kafé på kunstmuseet. Sånn passe slapp laurdag som ein treng etter å ha levert inn semesterrapport og hatt trykkdeadlinar tett i tett den siste veka. Gler meg til å sjå resultata, berre den beste delen igjen.

 

 

Arnarstapi

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Endå ein pitteliten fiskeby ein passerer på runden gjennom Snæfellsnes. Ei kystlinje med kolsvarte mosegrodde klipper, djupturkist hav og bitande vind. Slike stader er så stille om hausten, og gjer dei endå meir magisk.

 

 

Grab a coffee in Reykjavik

Untitled

 

Reykjavik roasters
Den beste kaffien i Reykjavik. Kanskje til og med den beste kaffien på Island, det flaumar jo ikkje over med kaffistader utanfor hovedstaden. Dei brenn kaffien sjølv i lokalet, så tre dagar i veka kan ein oppleve eit herleg kaffiluktande lokale og rislande kaffibønner. Store vindauger og fantastisk lokale, men har ein tendens til å bli fullt fort.

Kárastígur 1

 

Babalú
To etasjar med plenty av rare krokar å gjøyme seg vekk i. Dei legg mykje arbeid og krefter ned i å få denne plassen til å kjennes som ein heim, og dei gjer ein bra jobb. Dette er den perfekte staden å slå seg ned for ein pratsom ettermiddag eller ta med seg datamaskina for å jobbe, sjølv om kaffien i seg sjølv ikkje er mykje å skryte av.

Skólavörðustígur 22

 

Eymundsson
Dette er ein bokhandel, som har gjort den genistreken å slå seg saman med Te & Kaffi, den største kaffikjeda på Island. Dei er å finne tre stader i byen, og alle har det same konseptet. Ein får ta med seg kva ein vil frå magasinhylla og nokre utvalde bokhyller inn i kafeen, så det heile fungerer som eit slags bibliotek/kafé/bokhandel. Perfekt for søndagar! Dei har super te og den nest beste kaffien.

Austurstræti 18, Skólavörðustígur 11, Laugavegur 77

 

 

Stader besøkt på Island til no:

 

 

Eg har nesten kryssa av heile lista eg hadde i bakhovudet når eg kom hit, pluss ein del ekstra eg har fått tilfeldig på kjøpet. Planen er å komme meg på ein buss til Akureyri om ikkje så alt for lenge og få sett litt innland og nordlege landskap. Men om tida ikkje strekk til får eg heller utsetje planen til sommaren. Det er berre ein månad igjen no (!) og innleveringane står i kø, men eg skal få dei unna og nyte den siste tida 100%.

 

 

Lights

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Reykjavik har ein mørketid-tradisjon. Lysande trær. I kvar gate finn ein minst eitt lyssett tre som speiglar seg i parkerte bilar og mørke vindauger. Ein roleg fredagskveld kan ein gå heilt uforstyrra og berre nyte synet og stillheita. Reykjavik er den stillaste byen eg veit. Og eg blir berre meir og meir forelska.

 

 

Dyrhólaey

Untitled
Untitled

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

 

Dyrhólaey er så langt sør ein kan komme på Island. Kolsvart sand så langt auget rekk og merkelege klippeformasjonar. Ikkje langt unna ligg også den pittevesle staden Vík, der den første snøen hadde sneke seg nedover fjellsida. Litt vulkansk tåke hadde snegla seg nedover frå volkanutbrotet i nord, og bidrog til litt ekstra trollsk stemning.

 

 

Half

 

Eg er omtrent midt i Islandopphaldet. To månadar har gått, og to månader gjenstår. Reykjavik er endå betre på nært hald, ein avstandsforelskelse har blitt ei skikkeleg forelsking. Tida har gått så fort at eg nesten ikkje kan tru det. Eg er ikkje klar for tanken på å reise heim endå. Men heldigvis er det to herleg kalde månader igjen.

 

Den første snøen kom til Reykjavik i natt, alt er litt stillare og mjukare enn vanleg. Eg elskar at det er skikkeleg snø og ikkje halvblaut slaps. Elskar kor lyst alt blir sjølv om mørkret kjem tidlegare enn nokongong. Eg kjem til å sakne å vere utvekslingselev på ei vulkansk øy oppe i nord. Men eg kjenner i heile meg at det ikkje er siste gong eg er her over lengre tid. Ikkje kort tid heller for den slags skuld. Men aller først skal eg ha to fantastiske månader til.

 

 

Laurdag

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

 

I går reiste eg nordover til Snæfellsnes og var der heile dagen. Eg beslutta raskt at dette ikkje kunne vere siste turen opp dit. Sat igrunn på feil side av bussen når det kom til å fange dei vakraste bileta, men det var nesten greit å ha litt fotofri óg. Så skal eg hugse å setje meg på høgre side neste gong!

 

 

Þorvaldseyri

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

 

Þorvaldseyri ligg rett under fjella og breen som høyrer til vulkanen Eyjafjallajökull kjend frå utbrotet i 2010. Det er så vakkert at det nesten tek litt pusten frå deg. Rett rundt svingen finn ein også nydelege Skógafoss, som er ei bra erstatning for Gullfoss om ein ikkje har tid til å få med seg alle må-sjå-stadene på Island under eit kort opphald.

 

 

Sólheimajökull

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

 

I helga hadde eg endå meir besøk, og me fann oss ein buss som gjekk nedover langs sørkysten av Island. Ein heilt fantastisk søndag der alt klaffa; både været og staden og selskapet. Desse bilda er tatt ved isbreen Sólheimajökull. Til tross for at eg er vokst opp ikkje langt unna brelandskap er dette første gongen eg er så nær ein isbré (me gjekk eit par meter på den). Vakkert.

 

 

Litt utanfor Reykjavik

 

 

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

 

Mamma var på besøk denne veka, og me reiste ein rundtur for å myse på vakre Island. Gullfoss, Strokkur (Geysir) og Þingvellir. Eg kjem ikkje over kor vakkrt det er her, eg har vald heilt rett plass å utveksle til. Skulle til og med ynskje eg kunne vore her eit semester til, tida har sprinta forbi i rekordfart!

 

 

Tveir

Untitled

 

 

Det bur to på det vesle rommet mitt i Óðinsgata for tida. Det henger to håndklær til tørk i dusjen etter ein tur i svømmebassenget. Eg må kjøpe to flakser appelsinbrus på butikken. Reykjavik er endå litt finare når ein kan dele den med nokon som ikkje har vore her før. Kaffien smakar betre når ein deler ei kanne, og paraplyen funkar betre over to hovud.

 

Det skjer mykje både på skulen og i mail-innboksen, då er det godt å kunne jobbe litt effektivt og ta seg ordentleg fri etterpå. Snart er det Phonofestival, snart lanserer Klangkollektivet design nummer tre, ting er 50% i rute men det ordnar seg til slutt!

 

 

Reykjanes

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

 

Dette er altså naturen eg omgir meg med på alle kantar. Stupbratte revner i bakken, klipper som bøyer seg i alle retningar, damp som siv opp av jordgrunn som held 80-100°C. Det er så uendeleg vakkert, og endå har eg berre fått tatt bilder med mobilkamera fordi eg ikkje er førebudd på å møte på slike syn rundt neste sving. Godt eg har fire månader og god tid til mange turar med kamera i sekken.

 

 

Notes

Untitled

 

Reykjavik er absolutt alt eg håpa på det ville vere. Det er akkurat passe stort. Ein forsvinn i mengda når ein ønsker men det er heller ikkje vanskeleg å bli kjend med folk. Det er eit svømmebasseng i kvar bydel – alle utstyrt med varme kjelder, nokre med både utandørs og innandørs basseng. Vatnet er naturleg oppvarma, og det er mykje mindre / ingen klor. Lokal musikk og design er lett tilgjengeleg, det same gjeld naturen. Bussar ut av byen er ikkje vanskeleg å oppdrive, om ein vil reise organisert med turistopplegg eller finne fram på eiga hand.

 

Så her sit eg, første skuledag og et gulrotkake til lunsj. Skulen er så som så. Så ærleg kan eg vel vere. Ikkje like stor fleksibilitet som eg hadde håpa på, men elles er det veldig lovande. Akkurat den delen kjem litt i andre rekke for meg. Det er så overveldande mykje bra her at eg klarer ikkje verte skuffa om eg så hadde prøvd. Dette kjennes som heime allereie. Neste søndag skal eg nordover for å sjå på endå meir natur, pluss fuglar og kystlinje. Nokon ting må ein få gjort før vinteren set inn og været gjer det vanskelegare å gjennomføre. Eg har allereie fått favorittstader i Reykjavik, og eg gler meg til å gjøyme meg på kafé kalde vinterdagar og grave meg ned i tjukke ullskjerf (sistnevnte har eg allereie byrja med – her er det 13 grader toppen, bra at eg trives i kulden.)

 

Førebels bur eg på hostel, og sjølv om eg er svært positivt overraska over kor bra det går å bu i eit køysengerom med 12 andre jenter blir det fantastisk å få noko som er mitt. Eg har kjøpt to kaffikoppar og eit lite kaffibrett og gler meg til å kunne brygge kaffi på mitt eige rom før eg skal på skulen. Me har ikkje undervisning før klokka 13, som opnar for bra morgonar og lite stress (eg hatar å stresse). Kanskje til og med litt produktiv jobbing, eg har ein tendens til å vakne tidleg sjølv når eg ikkje trenger det.

 

Eg kjem til å lage ein Reykjavik-guide. Eg er klar over at etterspurnaden for ein slik guide er svært liten – men eg oppdagar for mykje bra her som ikkje er tipsa om nokonstad til å la vere. Plutseleg ein dag er det nokon som skal til Reykjavik og som trenger akkurat ein slik type guide som eg kan lage. Dessutan er det fint for min eigen del også! På bloggen opprettar eg kategorien “Reykjavik” for å dele favorittstader i byen, og “Island” for meir generelle fotosamlingar etc. Dette landet er perfekt for meg. Eg har gjort eit bra val.

 

 

Når eg kjem til Island:

Untitled

Bildekjelde

 

Eg bur fem dagar på dette hotstellet før eg kan flytte tinga mine over til Odinn der eg har studentbolig. Eg får ikkje flytta skikkeleg inn før 1. september, så eg har heile 10 dagar i Reykjavik før eg kan bruke tida mi på å pakke ut saker og lage ein mini-heim for fire månader. Studiestart er dog 25 august, så eg har nok av ting å fylle dagane med. I tillegg til å orientere meg fram og tilbake til skulen tenkte eg å:

 

⤫  finne ut om og evt. kvar ein kan få semesterkort
til eit svømmebasseng
⤫  bade. Varm kjelde, blå lagune
⤫  finne ut kvar på Island ein kan reise med
kollektivtransport for å oppleve litt meir enn Reykjavik
(på ønskelista: Landmannalaugar, Gullfoss)
⤫  speedlese litt i “Learning Icelandic” (litt usikker
på om dette er eit realistisk mål. Mest truleg ikkje)
⤫  ta analoge bilder igjen, og finne ut kvar ein får
framkalla i Reykjavik
⤫  gå på Kafé (har Reykjavík Roasters, Kaffitár og
Landromat på lista)
⤫  gå langs havna

 

Plutseleg er det under to veker til alt saman, og det meste er i boks. Skype er installert, satsar på å lure meg unna den verste heimlengsla på fire månader – tida flyr tross alt!

 

 

Óðinsgata

Untitled

 

 

Der skal eg bu! Frå 1 september har eg bustad i Reykjavik, veka før byrjar skulen men det finns vel forhåpentligvis ein Bed & Breakfast som har plass til meg nokre dagar så lenge. Skal bu i Óðinsgata, ganske så midt i sentrum og ganske så nært skulen. Eg er nøgd med livet.