Tekst ur

Untitled
Untitled

 

Eg er ute av trening. Eg har gløymd korleis det var å ha ein blogg. Det er altså ikkje som å sykle; at ein aldri gløymer. Men eg har aldri vore særlig god til å sykle heller. Eg sa ein gong at eg er betre til å vere stille enn til å prate, men når eg sa det høgt visste eg ikkje lengre om det var sant.

 

Takk fyrir síðast

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Gjekk 10 km gjennom mosegrodd lavastein, haika til andre sida av øya, såg fyrverkeri over Vatnajökull, åt dirty burgers, rømde frå australske menn som berre vil snakke å haike gjennom om Canada, tok feil sti i Hveragerði, gløymde regnjakka på ein bussholdeplass, venta på buss, drakk kaffi, fekk ein ny venn.

 

Some places I liked in Berlin

 

52830023
52830011

do you read me?!
Auguststr. 28

Magasin frå golv til tak. Mykje internasjonalt, mykje bra.

 

52830016

Motto
Skalitzer Str. 68

Fanziner, bøker, musikk, magasin.

 

Jet Foto
Dircksenstr. 89

Her framkalla eg film medan eg budde i Berlin, eigentleg kan ein vel framkalle film på kvart gatehjørne omtrent men her gjekk det sjukt kjapt til ein ok pris.

 

Modulor
Prinzenstr. 85

THE art supply store. Dei har alt ein i det heile tatt kunne drøymd om at eksisterte.

 

52830008

Weinmeisterstrasse / Mulackstrasse / Münzstrasse (Mitte)

Om ein vil gå i koslege gater med ein takeawaykaffi og drøyme litt matrealistisk.

 

Dussmann
Friedrichstr. 90

Dette var redninga frå ein månad utan internett. Fem etasjar med bøker, film og musikk.

 

52830019
52830020

Voo / Companion Coffee
Oranienstr. 24

Sjukt fint lokale, prøverom, utval av klær / bøker / nips. Dyrt.

 

Nano Kaffee Berlin
Dresdener Str. 14

Too fancy too good.

 

Untitled

A. Horn
Carl-Herz-Ufer 9

Dette låg rett ved den første leiligheita eg budde i, dei serverer den beste skåla med yoghurt og müsli eg har ete. Åt frukost her kvar gong eg hadde tid. (som eg skulle ønske var oftare)

 

b, c & c
Mehringdamm 66

Rett ved bustad nummer to, best hangoversmotthies.

 

52830021

Mehringdamm

Ei gatestrekke med super takeaway. Inkluderer den berømte Curry 36.

 

Untitled
Untitled

Sameheads
Richardstraße 10

Her var B.L.A.D.-releasefesten, kjennes som ekte berlinsk undergrunn med grottekjellar og glitter i taket.

 

Analoge fotoautomatar

Ein finn dei litt over alt, ha småeuros klar! Men om ein ikkje har tid til å passere ein tilfeldig, her er eit kart over ganske mange av dei: http://www.photoautomat.de/standorte.html

Week 5 (bonus week)

Untitled
Untitled
52830030
52830029
Untitled

 

Eigentleg skulle eg vere fire veker i Berlin, men klarte å strekke det til fem. Den siste veka flytta eg frå leiligheita i Johanniterstrasse til eit rom med svære vindauger i Gneisenaustrasse. Taket var nesten overveldande høgt og null kjøkken tilgjengeleg – men verkeleg bra takeaway rett rundt hjørnet til skarve 3-4 euro. Skal eg tilbake til Berlin nokongong er dette øverst på lista over stader eg vil bu. Det kjennes litt tomt å ikkje skulle ta U1 til Kotbusser Tor på mandag, fem veker gjekk litt for fort, men det var så verd det.

 

Week 1

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Berlin er kaldt og fint, masse jobb, masse gøy. Har endeleg rota meg til å framkalle filmrullane frå dei to første vekene. Har for det meste tatt bilder av Berlingater, bakgården eg bur i og frosne vasskanalar. Tida flyr, skulle ønske fem veker var mykje lengre.

 

Berlin Berlin

 

No flyttar eg altså, til Berlin, for ein liten månad! Med meg har eg berre eitt kamera og alle filmrullane eg fekk plass til, ei lita tysk ordbok, ei lita notatbok det står “schön” på som eg har skrive masse adresser i. Eg har ikkje wifi i den pittevesle leiligheita eg skal bu i, men eg håpar å få framkalla og lagt ut litt bilete undervegs fordeom. Snakkast i Berlin!

 

Berlin!

 

 

Untitled

 

I januar flyttar eg til Berlin for ein månad! Som ein del av utdanninga har me internships, og eg skal vere hjå Blank Blank – eit lite kreativt kollektiv i Kreuzberg. Blank Blank gjer alt eg ønsker å gjere når eg er ferdig utdanna, så ein betre stad for meg å vere intern finns igrunn ikkje.

Det er vanskeleg å fokusere på skule for tida, men når eg løftar blikket framover finn eg krefter til å prøve endå litt til. Maler litt, har farga håret grått og brukar stipendet på å reise. Det kjennes litt som eit eventyr.

 

Grain (Ísland)

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

I august var eg tilbake på Island, og heim igjen tok med meg ein kornete svartkvittrull. Det var etterlengta gjensyn, rykande varme kjelder, seine netter, skarpe vulkanar og mjukt seinsommarlys. Alt eg ønska meg pluss litt til, allereie første oktober skal eg tilbake endå ein gong. Og kanskje om eit år flyttar eg igjen, det er ein skummel fantastisk tanke. Island tar pusten frå meg på ein annan måte enn eg visste gjekk an.

 

 

Out of Reykjavík (by bus)

Utan lappen var eg pent nødt til å få rundreisinga på Island til å fungere med buss, og det vart langt ifrå så problematisk som eg hadde frykta. Her kjem ein liten tips-guide med favoritt-bussturane mine ut frå Reykjavík. Dette er berre dagsturar, lengre turar får også eit eige innlegg. Eg vil anbefale å bruke Sterna travel (http://www.sternatravel.com/) som tilbyr mange av turane sine i minibuss + at ein kan kjøpe busspass og hoppe av og på bussane deira som ein vil.

 

Untitled

 

Snæfellsnes
Snæfellsjökull, Ólafsvík, Grundarfjörður, Stykkishólmur

Her får ein Island-kysten nordover, og alt er litt hardare og spissare samanlikna med dei sørlege traktene i Reykjavík-området. Små fiskevær, vulkanar, klipper og store mosesletter. Det er så opent og trongt mellom fjella på ein gong, som alle delar av Noreg pressa saman på ei lita kystlinje. Landskapa kjend frå filmen The secret life of Walter Mitty finn du hovudsakleg her, og det er til og med endå vakrare enn dei ser ut på film. Lovar.

 

 

Reykjanes Penninsula
Reykjanes, Gunnuhver, Bláa Lónið

Dette er den første reisa ut av Reykjavik eg tok når eg kom til Island i august, og vart den staden eg besøkte igjen og igjen fordi eg vart hovudstups forelska. Bussane kjøyrer langs kysten ut frå byen og til spissen av Reykjanes, der ein utfoskar litt ved fyrtårnet og blir møtt av eit klippelandskap karakteristisk for Island. Det ser om lag ut som nokon har rive vekk ein del av kystlinja og etterlatt eit gapande sår. Men så så vakkert. Vidare finn ein rykande kokande gjørmegrunn og dampopningar ved dei varme kjeldene Gunnuhver, og turen endar ved den blå lagune der ein anten kan hoppe på ein buss tilbake til Reykjavik eller besøke kjeldene først om ein ønsker.

 

Untitled

 

South Coast
Skógafoss. Dyrhólaey, Vík, Sólheimajökull, Þorvaldseyri, Seljalandsfoss

Reisa går langs Island-kysten sørover, og her får ein nesten alt ein bør sjå på Island i ein sving. Fossar, vulkanar, klippelandskap, vulkanske sandstrender og isbre. Sjansen er stor for at ein her får oppleve den fantastiske grøne tåkete sida av landet, og ein må vere førebudd på fleire værskifte når ein reiser ei så lang strekning langs kysten. Det er mykje på ein gong så eit tips frå meg er å legge frå seg kameraet litt og berre oppleve nokre stopp også.

 

Untitled

 

Golden Circle
Nesjavellir, Þingvellir, Geysir, Gullfoss

Sjølv om dette er den mest oppbrukte turistturen i verda må den nesten vere med på tipslista. Om ein klarer å lukke augene for turistane og velje seg ein dag der det ikkje er så kjempemange som reiser er dette igrunn ein veldig vakker rundtur. Den går innover i landet og stoppar ved dei tre store, Þingvellir, Geysir og Gullfoss. Når ein reiser innover i landskapet møter ein på den store rifta som deler Island i to (spesielt synleg ved Þingvellir) – eit fenomen som er like facinerande som det er mektig å sjå på. Bottom line, det er ikkje Geysir og Gullfoss sin feil at alle turistane har blitt einige om at dei må dit helst i går – dei er verd eit besøk.