Out of Reykjavík (by bus)

Utan lappen var eg pent nødt til å få rundreisinga på Island til å fungere med buss, og det vart langt ifrå så problematisk som eg hadde frykta. Her kjem ein liten tips-guide med favoritt-bussturane mine ut frå Reykjavík. Dette er berre dagsturar, lengre turar får også eit eige innlegg. Eg vil anbefale å bruke Sterna travel (http://www.sternatravel.com/) som tilbyr mange av turane sine i minibuss + at ein kan kjøpe busspass og hoppe av og på bussane deira som ein vil.

 

Untitled

 

Snæfellsnes
Snæfellsjökull, Ólafsvík, Grundarfjörður, Stykkishólmur

Her får ein Island-kysten nordover, og alt er litt hardare og spissare samanlikna med dei sørlege traktene i Reykjavík-området. Små fiskevær, vulkanar, klipper og store mosesletter. Det er så opent og trongt mellom fjella på ein gong, som alle delar av Noreg pressa saman på ei lita kystlinje. Landskapa kjend frå filmen The secret life of Walter Mitty finn du hovudsakleg her, og det er til og med endå vakrare enn dei ser ut på film. Lovar.

 

 

Reykjanes Penninsula
Reykjanes, Gunnuhver, Bláa Lónið

Dette er den første reisa ut av Reykjavik eg tok når eg kom til Island i august, og vart den staden eg besøkte igjen og igjen fordi eg vart hovudstups forelska. Bussane kjøyrer langs kysten ut frå byen og til spissen av Reykjanes, der ein utfoskar litt ved fyrtårnet og blir møtt av eit klippelandskap karakteristisk for Island. Det ser om lag ut som nokon har rive vekk ein del av kystlinja og etterlatt eit gapande sår. Men så så vakkert. Vidare finn ein rykande kokande gjørmegrunn og dampopningar ved dei varme kjeldene Gunnuhver, og turen endar ved den blå lagune der ein anten kan hoppe på ein buss tilbake til Reykjavik eller besøke kjeldene først om ein ønsker.

 

Untitled

 

South Coast
Skógafoss. Dyrhólaey, Vík, Sólheimajökull, Þorvaldseyri, Seljalandsfoss

Reisa går langs Island-kysten sørover, og her får ein nesten alt ein bør sjå på Island i ein sving. Fossar, vulkanar, klippelandskap, vulkanske sandstrender og isbre. Sjansen er stor for at ein her får oppleve den fantastiske grøne tåkete sida av landet, og ein må vere førebudd på fleire værskifte når ein reiser ei så lang strekning langs kysten. Det er mykje på ein gong så eit tips frå meg er å legge frå seg kameraet litt og berre oppleve nokre stopp også.

 

Untitled

 

Golden Circle
Nesjavellir, Þingvellir, Geysir, Gullfoss

Sjølv om dette er den mest oppbrukte turistturen i verda må den nesten vere med på tipslista. Om ein klarer å lukke augene for turistane og velje seg ein dag der det ikkje er så kjempemange som reiser er dette igrunn ein veldig vakker rundtur. Den går innover i landet og stoppar ved dei tre store, Þingvellir, Geysir og Gullfoss. Når ein reiser innover i landskapet møter ein på den store rifta som deler Island i to (spesielt synleg ved Þingvellir) – eit fenomen som er like facinerande som det er mektig å sjå på. Bottom line, det er ikkje Geysir og Gullfoss sin feil at alle turistane har blitt einige om at dei må dit helst i går – dei er verd eit besøk.

 

Grab a coffee in Reykjavik

Untitled

 

Reykjavik roasters
Den beste kaffien i Reykjavik. Kanskje til og med den beste kaffien på Island, det flaumar jo ikkje over med kaffistader utanfor hovedstaden. Dei brenn kaffien sjølv i lokalet, så tre dagar i veka kan ein oppleve eit herleg kaffiluktande lokale og rislande kaffibønner. Store vindauger og fantastisk lokale, men har ein tendens til å bli fullt fort.

Kárastígur 1

 

Babalú
To etasjar med plenty av rare krokar å gjøyme seg vekk i. Dei legg mykje arbeid og krefter ned i å få denne plassen til å kjennes som ein heim, og dei gjer ein bra jobb. Dette er den perfekte staden å slå seg ned for ein pratsom ettermiddag eller ta med seg datamaskina for å jobbe, sjølv om kaffien i seg sjølv ikkje er mykje å skryte av.

Skólavörðustígur 22

 

Eymundsson
Dette er ein bokhandel, som har gjort den genistreken å slå seg saman med Te & Kaffi, den største kaffikjeda på Island. Dei er å finne tre stader i byen, og alle har det same konseptet. Ein får ta med seg kva ein vil frå magasinhylla og nokre utvalde bokhyller inn i kafeen, så det heile fungerer som eit slags bibliotek/kafé/bokhandel. Perfekt for søndagar! Dei har super te og den nest beste kaffien.

Austurstræti 18, Skólavörðustígur 11, Laugavegur 77

 

 

My magazine list

Untitled

 

The Gentlewoman
Den udiskuterbare favoritten. Lengre intervju med bra damer, ein layout som får magen til einkvar grafisk designar til å kile, og sterke foto trykka på fleire papirkvalitetar. Kjem ut to gonger i året men kan takast fram igjen og igjen heilt til neste utgåve.

 

Kinfolk
Rein inspirasjon. Tjukke herlege sider fylt med foto og kortare tekstar. Kvart nummer har eit tema, som “weekend” eller “imperfect” så her kan ein plukke ut dei tema som er mest intressant for ein sjølv.

 

Neptún
Eit Islandsk minimagasin som kjem ut to gonger i året. Handlar om kreative menneske og initiativ på Island, og her er det mykje intressant sjølv for dei som ikkje bur her.

 

Vogue september issue
Eg kjøper alltid septemberutgåva av Vogue. Det er like stort, om ikkje større, enn ei bok (i år på heile 800 sider) og kostar det same som ei vanleg utgåve. Bra med valuta for pengane altså, dessutan er haustkolleksjonane mine favorittar.

 

Frame
Interiør, design, og annan bra inspo. Trykka på tjukt grovt papir.

 

Living (Corriere Della Sera)
Italiensk interiørmagasin. Med mindre du kan italiensk kjøper ein ikkje dette magasinet for artikkel-delen, men for bilder og layout. Det meste av magasinet er kun atmosfæriske bilder, absolutt det perfekte søndagsmagasin.