Det nyaste tilskotet i Chain Wallet-coversamlinga er Muted Colours, sei hei!
Category Archives: Grafisk design
BA
I går henta eg magasinet som høyrer til bacheloroppgåva mi på trykkeri i Årdal, det er no akkurat ei veke til eg er ferdig! I heile dag har eg kutta ut små ruter i framsida og delt opp bussetestoff som skal vere med i coveret. Eg finn trykkleif og vert irritert på meg sjølv for å ikkje ha trippelsjekka, men i denne visuelle delen er det heldigvis designet som teller. Det er framleis litt igjen, men det er så nære så nære. Eg har faktisk skrive ein heil liten bachelor om busseter. Det er eg ganske nøgd med.
Psykologidagene 2016
7-8. mars tok eg turen til Trondheim; for å rigge opp fotoutstilling, seie hallo til ein av mine favorittpersonar, snike meg rundt i gangane på Frimurerlogen, sjå på alle som plukka med seg programmet eg har designa, eller som myste på fotografia mine. Allereie i sommar starta eg å skisse opp forslag til logo og stilretningar, og å sjå alt nøste seg saman til slutt kjennes verkeleg bra. 33 frivillige sprang rundt i kvite t-skjorter med logo på, det blir liksom noko anna enn å sjå den som ei flat png-fil på dataskjermen.
Phono_scan
Lately
(plakatskisse for årets sommarjazzkurs)
Det skjer mykje på jobbfronten etter ein ganske stille periode i januar. Å skrive bachelor og styre tida heilt sjølv er verkeleg bra, når ting roar seg har eg store ambisjonar om å strukturere kvardagen ordentleg og få rydda litt opp i støvete krokar. Ting tar form.
Å finne fram, og tilbake
Som siste prosjekt før eg skriv bachelor gjer eg total remake av min portfolio. Eigenprofilering om du vil. Eg har stått på hovudet ned i gamle arkiv for å prøve å få fatt i så mykje som mogeleg av det eg har laga gjennom min førebels korte karriere som grafisk designar.
Der nede fann eg også eit nedstøva minne om kor glad eg var (og er) i analog fotografering. Kor stor del av livet mitt det brukte å vera. Så no vert arbeida mine foreviga med litt for skarp blits og kornete overflater, det kjennes meir som meg. Den delen eg hadde gløymd litt vekk men er så glad for at eg fann att.
Klangkoppen
Ein får gjere mykje kjekt som designar for eit plateselskap som Klangkollektivet. Dette inkluderer i år design av trykk til koppar! Perfekt match til Klangkollektivets vinylkaffi, men passar veldig bra til annan kaffi også. I dag hadde eg dei med i fotostudio, er nemleg i gang med å ta nye foto til min eigen portfolio – som er ein god anledning for å knipse eit par ekstra også.
SHADE
PD16
Første titt på designet for Psykologidagene 2016 i Trondheim! Første release er kun logo og tilhøyrande namnetrekk, men planane er store og dette ligg an til å bli eit av dei kjekkaste designprosjekta eg har arbeida med. Dette er også mitt første trønderoppdrag, kryssar fingrane for fleire. Om ein vil sjå meir er det berre å klikke seg inn på deira facebook-side!
Kaffipause
Sjølv når det er ferie er det mykje å gjere. Når ein freelancar er det lett å ende opp med tusen smågreier å halde styr på framfor eitt lengre oppdrag, noko som eigentleg er berre fint, men som ein også kan verte litt sprø av å halde styr på. Plutseleg havnar det ein mail i gløymeboksen, det som skulle ta ein time tar tre, og kvar havna dei bildefilene igjen? Planleggingsboka kunne eg aldri klart meg utan, men nesten like viktig er det å berre legge den vekk av og til også. Logge av mail og setje seg i skuggen med ein kaffikopp. Å vere tilgjengeleg tjuefire timar i døgnet fungerer ikkje, om det er viktig så ringer dei opp igjen eller legger igjen ein beskjed etter pipetonen. Dette er det viktigaste eg har lært meg for å overleve og framleis tykkje at eg må vere den heldigaste eg veit som får gjere så mykje bra designoppdrag. Det er ikkje så lett å sjå når ein har tusen ting i hovudet, men når ein får det litt på avstand så blir alt litt meir overkommeleg.
Freelance summer
Masterutstillingen i design 2015
Eit utval av fotoa eg har tatt av masterstudentane, i dag ligg det flyers rundtom i Bergen med desse fotoa + meir info om Masterutstillingen i Design 2015. Ein superbra trykksak, sjølv om leveringa var litt på overtid. Om du vil sjå meir kan du klikke deg inn på muid15.khib.no eller om du er i Bergen: ta deg ein kaffi og brett ut ein kick-ass kaféflyer.
Jazzsenter
Instrument
Laga ein gif av alle instrumenta eg teikna til jazzplakaten.
Jazzkurs
Logo
Logoar er kanskje det eg har gjort minst av som grafisk designar, føler ikkje heilt eg får dreisen på det. Likevel seier eg ja takk til eit oppdrag når det byr seg, og etter litt over ein månad med arbeid vaks denne logoen fram. Oppbygd av to litt modifiserte fontar skapar bokstavane ein veg, som representerer Den Musikalske Stamvegen.
Phono 2016
Pop
TBA + Cakewalk
Chain Wallet
I dag var eg med å hente åtti ferdigtrykka handlenett på Robotbutikken, starten på eit fantastisk samarbeid med bandet Chain Wallet. Printet laga eg for ei stund sidan på Island, men ting tar tid og endeleg var det ferdig. Eg er super-nøgd og har blitt gratulert for vel utført design opptil fleire gonger. Dette blir bra!
GIG
Juleklang
Plutseleg var det desember og tid for julekalendar-design. Kalendaren er eit samarbeid med Klangkollektivet og Robotbutikken i Bergen, kvar søndag i advent dukkar det opp eit nytt bra tilbod. Desember har alltid vore så langt fram i tid, heile opplegget tok meg litt på senga! Men det blir ein bra månad.
Phonobooklet
Phonofestivalen var jo i september, men eg har ikkje tatt meg tid til å fikse litt betre portfolio-bilder før no. Fint å ta fram att og hugse på kor kjekt det var å lage. Phono gir meg lov til å eksperimentere og prøve ut ting eg ikkje er sikker på om eg får til på førehand, og eg har lært meir frå mine to år som festivalgrafikar enn eg har nokon annan stad. Kanskje fordi ein lærer betre når ein hoppar i det og har det kjekt.
Klangplate
Vektor
Me har eit utrulig teknisk kurs på skulen for tida. Me bygger små maskiner som me kodar over eit dataprogram og får dei til å gjere det me vil. Sånnt ein driver med om ein vil lære å bygge robotar etc. Og det er uhyre vanskeleg. Kva det har med visuell kommunikasjon å gjere vil tida vise, men som print-designar er eg på djupt vatn. Trøsta meg med å dra fram teiknebrettet og skrible litt – alt for lenge sidan!