Berlin!

 

 

Untitled

 

I januar flyttar eg til Berlin for ein månad! Som ein del av utdanninga har me internships, og eg skal vere hjå Blank Blank – eit lite kreativt kollektiv i Kreuzberg. Blank Blank gjer alt eg ønsker å gjere når eg er ferdig utdanna, så ein betre stad for meg å vere intern finns igrunn ikkje.

Det er vanskeleg å fokusere på skule for tida, men når eg løftar blikket framover finn eg krefter til å prøve endå litt til. Maler litt, har farga håret grått og brukar stipendet på å reise. Det kjennes litt som eit eventyr.

 

April

 

Untitled

 

 

I april flyttar eg, frå kollektivet i Søndre Skogveien, til ei lita leiligheit på Nordnes. Eg flyttar for sjuende gong sidan eg flytta heimefrå som sekstenåring, men denne gongen er likevel litt annleis. Endå litt meir annleis enn når eg flytta til ein ny by eller til eit nytt land. For denne gongen flyttar eg saman med Erick. Denne gongen deler eg ikkje kjøkken med 4-5 andre, eg betaler ikkje husleige i store bunkar kontant ISK, har ikkje lengre faste vaskeveker eller inga oversikt over kven som eig gensaren på golvet eller kven sin tur det er til å rydde ut av oppvaskmaskina. Eg skal ikkje vere hybelbuar meir, og det er litt skummelt og rart. Men heldigvis skal eg bu med Erick. Så då ordnar det seg.