18 – 22

Untitled

 

Måndag til fredag kjøyrer me Keflavík > Vík > Djúpivogur > Akureyri > Reykjavík pluss sjølvsagt alt mellom. Nesten heile kysten rundt Island på fem dagar. Følg meg på instagram @johanneka for jamnlege småoppdateringar og litt ekstra Island i feeden din, elles kjem det meir tips + triks her inne også.

 

Studio ii

Untitled
Untitled
Untitled

 

Ein siste titt på nokre av møbelfotografia for Stine Aas. Eg skal tørre å vere meir fotograf framover, av ein eller annan grunn la eg det i den støvete hobbyskuffen når eg byrja på KHiB fordi eg kjende at eg burde fokusere på kun grafisk design. Men eg elskar begge deler for mykje til å ikkje halde det ved liv.

 

Studio i

Untitled

 

Etter timar med fotografering og redigering er eg faktisk sliten, eg forsvinn og gløymer alt rundt meg når eg arbeider så intensivt – men det er verkeleg ei god kjensle også. Her er nokre av dei ferdige fotografia for møbeldesignar Stine Aas! No er dei på veg til Milano for å vise seg fram på designveka.

 

BA

52830009
tekst-malindd-kopi

Eg skriv bachelor, nesten heile påsken, av og til skulle eg ynskje eg kunne berre vere bachelorstudent resten av livet og ikkje ha nokre bekymringar om å nedbetale studielån eller om det no eigentleg finns nokon jobbar som grafisk designar. Men så sjukt bra det skal bli å vere ferdig også. Wow tenk at snart er eg ikkje student meir.

2015

I fjor hoppa eg over, men i år held eg fram tradisjonen med ei lita oppsummering av året, den same lista som alltid:

 

Untitled

Gjorde du noko i 2015 som du aldri har gjort før? I år har eg tatt mi første tatovering, og farga håret for første gong i mitt liv!

 

Kva land besøkte du? I kronologisk rekkefølgje: Polen (Krakow), Danmark (København), Island, England (London), Island (igjen, fordi eg saknar Island annankvar dag sånn ca.)

 

Er det noko du manglar i år 2015 som du vil ha i 2016? Fleire dagar der eg gjer ingen verdas ting og ikkje treng å sjekke eposten.

 

Kva dato frå 2015 kjem du alltid til å hugsa? Fredag 23. oktober, datoen Vilde kom heilt frå Trondheim for å halde meg i handa medan eg tatoverte fylkesvåpenet SFJ på leggen.

 

 

Kva var din største karrieremessige framgang? Eg har gjort fleire grafisk-oppdrag enn nokongong før, og eg vert berre sikrare og sikrare i arbeidet eg ufører! Likevel har internship hjå Blank Blank vore noko eg har hatt lyst til lenge, og kjendes som eit bra hopp i rett retning.

 

Og den største framgangen privat? I år har eg tillatt meg sjølv å gjere alt og akkurat det som kjennes bra utan å vere redd for å angre. På vegen fann eg meg sjølv. Uansett kor forbaska klisjé det måtte høyres ut.

 

Beste kjøpet? Dei svarte, breie, litt for korte ullbuksene som sklir opp akkurat så mykje at ein ser tatoveringen min når eg sit ned.

 

Kva brukte du mest pengar på? Reise. Mat. Lange jakker. Eg har ein svakheit for longcoats.

 

Var du gladare eller tristare samanlikna med i fjor? I år har eg vore både mykje tristare og så sjukt mykje gladare enn eg var i fjor.

 

Kva skulle du ønska du hadde gjort meir? Rydda. Eg prøver så godt eg kan, men det vert alltid rot i mails og gule lappar når det er mange deadlines.

 

Vart du forelska i år? Heilt langt ned i hjartet.

 

Noko du ønska deg og fekk? Øverst på ønskelista har det ei stund stått Contax T2, og det låg under treet på julafta!

 

Høgste ønske akkurat no? At Berlin blir bra.

 

Finst det noko som skulle gjort livet ditt enda betre i år? Heilt sikkert, men eg er ganske nøgd med opplegget slik det vart.

 

Kva fekk deg til å ha det bra? Den fantastiske gjengen eg er stolt over å kalle mine venner (og bestevenner) som får meg med på alt mulig og som veit akkurat kva ein skal seie når eg er stressa.

 

Kven sakna du? Island, og dei som høyrer med i den pakka.

 

Kva er du mest stolt over? Designa eg har laga for Phonofestivalen (2016), Escalón, Chain Wallet og Psykologidagene i Trondheim (2016)

 

Kva tenkjer du å gjera annleis neste år? Eg har lova meg sjølv å fotografere meir meir meir. 2015 har vore eit ganske dårleg fotoår til tross for at eg fekk setje mitt analoge preg på Masterutstillinga til KHiB – eg vil ha med kamera heile tida slik som eg brukte før.

 

Font

abc-01
efg-01

 

For tida lagar me vårt eige typsnitt, og eg har byrja på denne rare displayfonten som liknar litt på ting ein finn frå før men ikkje heilt. Målet er å lage akkurat den mellomtingen eg har leita etter før men ikkje har fått tak i. Eit godt utgangspunkt for å lære programvare, og kanskje eg får brukt den til meir etter kvart!

 

 

Kaffipause

Untitled
Untitled

Sjølv når det er ferie er det mykje å gjere. Når ein freelancar er det lett å ende opp med tusen smågreier å halde styr på framfor eitt lengre oppdrag, noko som eigentleg er berre fint, men som ein også kan verte litt sprø av å halde styr på. Plutseleg havnar det ein mail i gløymeboksen, det som skulle ta ein time tar tre, og kvar havna dei bildefilene igjen? Planleggingsboka kunne eg aldri klart meg utan, men nesten like viktig er det å berre legge den vekk av og til også. Logge av mail og setje seg i skuggen med ein kaffikopp. Å vere tilgjengeleg tjuefire timar i døgnet fungerer ikkje, om det er viktig så ringer dei opp igjen eller legger igjen ein beskjed etter pipetonen. Dette er det viktigaste eg har lært meg for å overleve og framleis tykkje at eg må vere den heldigaste eg veit som får gjere så mykje bra designoppdrag. Det er ikkje så lett å sjå når ein har tusen ting i hovudet, men når ein får det litt på avstand så blir alt litt meir overkommeleg.

 

Ferie

Dette har vore det mest intense semesteret på Kunst- og Designhøgskolen hittil, og eg treng ein sommar for å vere klar til hausten. Har lyst til å skrive litt gode innlegg på blogg, ikkje berre korte oppdateringar med “dette har eg produsert i det siste”, har lyst til å illustrere litt for morro skuld og fotografere stille sommardagar. Velkommen sommarferien, eg skal la meg inspirere.

 

Tellef Raabe

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Totebags og t-skjorter eg designa for mørk pop/folk-artist Tellef Raabe. Dei er svarte med svart trykk, eit vellukka eksperiment. Litt vanskelege å ta bilde av sidan både stoff og trykk er svart, men endeleg fekk eg gjort eit forsøk og det vart ikkje så verst. Printet er teikna etter foto av Sólheimajökull, endå eit Island-prega design altså!

 

 

Birthday

Ganske snart har eg bursdag, og i år har eg vore flink til å spare på ting som eg ønsker meg – for dei har ein tendens til å forsvinne når folk spør.

Untitled
La Garçonne E-gift card
La Garçonne er favorittnettbutikken min, dei har alltid det eg ser etter i kvaliteten eg ynskjer. Eit gåvekort der er ein sikker vinnar, for eg får alltid brukt det til noko bra. Det varer i fem år også, så om eg ikkje vil ha noko med ein rasande gong er det mogeleg å ha det på lur.

 

Untitled
Designing Design & White av Kenya Hara
Kenya Hara er ein japansk grafisk designar – mest kjend som art director for Muji og arbeidet han gjorde for OL i Nagano 1998. Han har skrive to bøker om grafisk design, og eg ynskjer meg begge.

 

Untitled
Abonnement: Kinfolk & The Gentlewoman
Magasin-abonnement er noko som varer gjennom året, og både Kinfolk og The Gentlewoman er magasin eg plar tillate meg sjølv å kjøpe når det kjem ut uansett. Å få dei rett i postkassa er ikkje å forrakte!

 

 

2015

Untitled

 

Velkommen 2015! Det er mykje å få orden på etter eit halvt år på Island, men no byrjar sorteringa av både tankar og ting å komme på plass. Eg har fått litt godt nytt på nyåret, som at eg skal få vere med på Phono 2015 (mitt tredje år), at Griegakademiet gjerne vil gje meg litt pengar i byte mot konsertplakatar og at eg karra meg vidare til finalen i Vexen Blog Awards. Klesskapet er utrenska og flyttekassene klare til å bli med til Bergen igjen. 2015 har mykje spanande på lur, eg gler meg!

 

 

VBA

Untitled

↑ Foto: Erick Kjellevold

 

I år som i fjor er eg semifinalist i Vixen Blog Awards, årets fotoblogg! Og sjølvsagt blir eg superglad om du vil gå inn og stemme på meg her. Eg er ho med det grøne bildet. Sida ser ikkje ut til å fungere ordentleg i Google Chrome for augneblinken, men eg reknar med det ordnar seg – til då kan ein berre opne i kva som helst anna nettlesar.

 

 

April

 

Untitled

 

 

I april flyttar eg, frå kollektivet i Søndre Skogveien, til ei lita leiligheit på Nordnes. Eg flyttar for sjuende gong sidan eg flytta heimefrå som sekstenåring, men denne gongen er likevel litt annleis. Endå litt meir annleis enn når eg flytta til ein ny by eller til eit nytt land. For denne gongen flyttar eg saman med Erick. Denne gongen deler eg ikkje kjøkken med 4-5 andre, eg betaler ikkje husleige i store bunkar kontant ISK, har ikkje lengre faste vaskeveker eller inga oversikt over kven som eig gensaren på golvet eller kven sin tur det er til å rydde ut av oppvaskmaskina. Eg skal ikkje vere hybelbuar meir, og det er litt skummelt og rart. Men heldigvis skal eg bu med Erick. Så då ordnar det seg.