Author: Johanne

August

August er alltid ein bra månad for å starte noko nytt. Eg vert student igjen i midten. Reparerer lamper så dei er klare til haustmørkret. Men først er det seinsommar, dei siste varme bada og uttørka potteplantene.

Korleis skriv du ei bok?

Eg har drøymd om å bli forfattar så lenge eg kan hugse. I ein alder av 24 har eg likevel aldri skrive nokon lengre tekst enn særemne på vidaregåande. Som ferdig utdanna har eg ikkje eit einaste fag som gjer meg kvalifisert til å skrive

Luktar som mose

Eg er ute av trening. Eg har gløymd korleis det var å ha ein blogg. Det er altså ikkje som å sykle; at ein aldri gløymer. Men eg har aldri vore særlig god til å sykle heller. Eg sa ein gong at eg er betre

Stine Aas

I år som i fjor fotograferte eg for interiør- og møbeldesignar Stine Aas, i eit stort luftig rom med berre dagslys og ein liten blitz, det må vere noko av det kjekkaste eg får gjere.

Søtten

Kanskje det er i år eg skal blogge skikkeleg igjen. Skrive noko meir enn berre søknadar. Putte fotoa mine andre stader enn ei mappe på skrivebordet. Me får sjå.

Mat

Slutt

For knappe to månader sidan vart det slutt. Det tok slutt. Etterpå har det meste vore mørkegrønt. Mjukt og nytt og rart.  

Takk fyrir síðast

Gjekk 10 km gjennom mosegrodd lavastein, haika til andre sida av øya, såg fyrverkeri over Vatnajökull, åt dirty burgers, rømde frå australske menn som berre vil snakke å haike gjennom om Canada, tok feil sti i Hveragerði, gløymde regnjakka på ein bussholdeplass, venta på buss, drakk kaffi,

Að eilífu

Sommaren har vore lang, men plutseleg kort no når den snart er over. Som eit sideprosjekt bestemde eg meg for å oppdatere eit gamalt skuleprosjekt, ei fanzine om skumring på Island og om forelskelse som vert besettelse. Trykka i pantonegrøn og pakka inn i plastikk, den

Berre Reykjavík

Island rundt på fem dagar: Dag 1 / Dag 2 / Dag 3 / Dag 4 og til sist ein kikk innom den vakre byen i den røykfylde vika.

Around the corner

Dei siste åra på Kunst- og designhøgskolen har eg brukt mykje tid på å lure på kva som eigentleg skal skje no. Så det kjennes litt rart å plutseleg vere her. 23 år, ferdig med bachelorgrad i visuell kommunikasjon, ein tåkelagd sti framover eller kva no enn

Let’s take a break

1-2: Reykjavík 3: graffiti-oppslag i BA 4: a romantic boy 5: Dimmu Borgir (staden, ikkje bandet altså) 6: No. 1 girls 7: Krafla

BA

I går henta eg magasinet som høyrer til bacheloroppgåva mi på trykkeri i Årdal, det er no akkurat ei veke til eg er ferdig! I heile dag har eg kutta ut små ruter i framsida og delt opp bussetestoff som skal vere med i coveret.

Lavafields forever

Fire døgn, 1 500 km. Eg har så mykje bilder som eg skal sortere og hygge meg med over ein kopp kaffi søndag morgon. Men ein liten smugstart kjem her, frå det geotermiske området Krafla nær Myvatn. Island er det vakraste eg veit.

Studio ii

Ein siste titt på nokre av møbelfotografia for Stine Aas. Eg skal tørre å vere meir fotograf framover, av ein eller annan grunn la eg det i den støvete hobbyskuffen når eg byrja på KHiB fordi eg kjende at eg burde fokusere på kun grafisk

BA

Eg skriv bachelor, nesten heile påsken, av og til skulle eg ynskje eg kunne berre vere bachelorstudent resten av livet og ikkje ha nokre bekymringar om å nedbetale studielån eller om det no eigentleg finns nokon jobbar som grafisk designar. Men så sjukt bra det

Gneisenaustraße

Ein siste rest av februar-Berlin, minusgrader, lange dagar og endå lengre netter. Lengtar litt ut, kanskje til Berlin, mest til Island. Det er snart på tide å bruke opp det flybillett-gåvekortet eg fekk i bursdagsgåve.

Some places I liked in Berlin

do you read me?! Auguststr. 28 Magasin frå golv til tak. Mykje internasjonalt, mykje bra. Motto Skalitzer Str. 68 Fanziner, bøker, musikk, magasin. Jet Foto Dircksenstr. 89 Her framkalla eg film medan eg budde i Berlin, eigentleg kan ein vel framkalle film på kvart gatehjørne

Week 5 (bonus week)

Eigentleg skulle eg vere fire veker i Berlin, men klarte å strekke det til fem. Den siste veka flytta eg frå leiligheita i Johanniterstrasse til eit rom med svære vindauger i Gneisenaustrasse. Taket var nesten overveldande høgt og null kjøkken tilgjengeleg – men verkeleg bra takeaway rett

23

Søndag vart eg heile 23 år, drakk øl og åt is i Berlin. 23 vert spanande, eg skal skriva ferdig bachelor og finne ut kva som kjem etterpå. Tankane mine rundt det har gjennomgått litt endringar for tida, kanskje fordi det plutseleg slo meg at

Week 3

Snøen forsvann over natta, det kjenns som vår og me drikk øl på veg mellom trykkeri og studio.

Blank Blank

Her sit eg om dagen. Blank Blank-kontoret er alt ein ønsker seg.

Week 1

Berlin er kaldt og fint, masse jobb, masse gøy. Har endeleg rota meg til å framkalle filmrullane frå dei to første vekene. Har for det meste tatt bilder av Berlingater, bakgården eg bur i og frosne vasskanalar. Tida flyr, skulle ønske fem veker var mykje

Berlin Berlin

  No flyttar eg altså, til Berlin, for ein liten månad! Med meg har eg berre eitt kamera og alle filmrullane eg fekk plass til, ei lita tysk ordbok, ei lita notatbok det står “schön” på som eg har skrive masse adresser i. Eg har

2015

I fjor hoppa eg over, men i år held eg fram tradisjonen med ei lita oppsummering av året, den same lista som alltid: Gjorde du noko i 2015 som du aldri har gjort før? I år har eg tatt mi første tatovering, og farga håret for

Å finne fram, og tilbake

Som siste prosjekt før eg skriv bachelor gjer eg total remake av min portfolio. Eigenprofilering om du vil. Eg har stått på hovudet ned i gamle arkiv for å prøve å få fatt i så mykje som mogeleg av det eg har laga gjennom min

Klangkoppen

Ein får gjere mykje kjekt som designar for eit plateselskap som Klangkollektivet. Dette inkluderer i år design av trykk til koppar! Perfekt match til Klangkollektivets vinylkaffi, men passar veldig bra til annan kaffi også. I dag hadde eg dei med i fotostudio, er nemleg i gang med

Grain 2

Resten av dei kornete svartkvittbileta eg tok på Island i august. Lengtar sånn pittelitt.

Október

Fire fantastiske oktoberdagar på favorittøya. Seks veker sidan forrige visitt, skal klare å halde meg heime litt lengre denne gongen. Trur eg.

Grain (Ísland)

I august var eg tilbake på Island, og heim igjen tok med meg ein kornete svartkvittrull. Det var etterlengta gjensyn, rykande varme kjelder, seine netter, skarpe vulkanar og mjukt seinsommarlys. Alt eg ønska meg pluss litt til, allereie første oktober skal eg tilbake endå ein gong.

Out of Reykjavík (by bus)

Utan lappen var eg pent nødt til å få rundreisinga på Island til å fungere med buss, og det vart langt ifrå så problematisk som eg hadde frykta. Her kjem ein liten tips-guide med favoritt-bussturane mine ut frå Reykjavík. Dette er berre dagsturar, lengre turar

Reykjavík, a guide

Reykjavik er ein liten by, og etter eit halvt år vart eg godt kjend med det meste av den. Eg har brukt mykje tid på å setje saman ein ordentlig guide, og håpar den kjem til nytte for nokon! Reiser å ta ut av byen

Triple

Eg er fotograf (og art director, puh) for Masterutstillingen i design 2015 (Kunst- og designhøgskolen i Bergen), og dette er ein foto-smakebit frå våre dagar i fotostudioet. Bildene er tatt analogt og eksponert fleire gonger, og eg kan ikkje hugse å ha vore så sliten

Krakow

Sju dagar på studietur i Krakow, designstudiobesøk, museum, gatevandring, tedrikking, mat, øl, og endå litt meir mat og øl. Kollapsa på sofaen då eg kom heim til påskeferie, det er slik ein veit at det har vore ein bra tur.