Week 1

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Berlin er kaldt og fint, masse jobb, masse gøy. Har endeleg rota meg til å framkalle filmrullane frå dei to første vekene. Har for det meste tatt bilder av Berlingater, bakgården eg bur i og frosne vasskanalar. Tida flyr, skulle ønske fem veker var mykje lengre.

 

Berlin Berlin

 

No flyttar eg altså, til Berlin, for ein liten månad! Med meg har eg berre eitt kamera og alle filmrullane eg fekk plass til, ei lita tysk ordbok, ei lita notatbok det står “schön” på som eg har skrive masse adresser i. Eg har ikkje wifi i den pittevesle leiligheita eg skal bu i, men eg håpar å få framkalla og lagt ut litt bilete undervegs fordeom. Snakkast i Berlin!

 

2015

I fjor hoppa eg over, men i år held eg fram tradisjonen med ei lita oppsummering av året, den same lista som alltid:

 

Untitled

Gjorde du noko i 2015 som du aldri har gjort før? I år har eg tatt mi første tatovering, og farga håret for første gong i mitt liv!

 

Kva land besøkte du? I kronologisk rekkefølgje: Polen (Krakow), Danmark (København), Island, England (London), Island (igjen, fordi eg saknar Island annankvar dag sånn ca.)

 

Er det noko du manglar i år 2015 som du vil ha i 2016? Fleire dagar der eg gjer ingen verdas ting og ikkje treng å sjekke eposten.

 

Kva dato frå 2015 kjem du alltid til å hugsa? Fredag 23. oktober, datoen Vilde kom heilt frå Trondheim for å halde meg i handa medan eg tatoverte fylkesvåpenet SFJ på leggen.

 

 

Kva var din største karrieremessige framgang? Eg har gjort fleire grafisk-oppdrag enn nokongong før, og eg vert berre sikrare og sikrare i arbeidet eg ufører! Likevel har internship hjå Blank Blank vore noko eg har hatt lyst til lenge, og kjendes som eit bra hopp i rett retning.

 

Og den største framgangen privat? I år har eg tillatt meg sjølv å gjere alt og akkurat det som kjennes bra utan å vere redd for å angre. På vegen fann eg meg sjølv. Uansett kor forbaska klisjé det måtte høyres ut.

 

Beste kjøpet? Dei svarte, breie, litt for korte ullbuksene som sklir opp akkurat så mykje at ein ser tatoveringen min når eg sit ned.

 

Kva brukte du mest pengar på? Reise. Mat. Lange jakker. Eg har ein svakheit for longcoats.

 

Var du gladare eller tristare samanlikna med i fjor? I år har eg vore både mykje tristare og så sjukt mykje gladare enn eg var i fjor.

 

Kva skulle du ønska du hadde gjort meir? Rydda. Eg prøver så godt eg kan, men det vert alltid rot i mails og gule lappar når det er mange deadlines.

 

Vart du forelska i år? Heilt langt ned i hjartet.

 

Noko du ønska deg og fekk? Øverst på ønskelista har det ei stund stått Contax T2, og det låg under treet på julafta!

 

Høgste ønske akkurat no? At Berlin blir bra.

 

Finst det noko som skulle gjort livet ditt enda betre i år? Heilt sikkert, men eg er ganske nøgd med opplegget slik det vart.

 

Kva fekk deg til å ha det bra? Den fantastiske gjengen eg er stolt over å kalle mine venner (og bestevenner) som får meg med på alt mulig og som veit akkurat kva ein skal seie når eg er stressa.

 

Kven sakna du? Island, og dei som høyrer med i den pakka.

 

Kva er du mest stolt over? Designa eg har laga for Phonofestivalen (2016), Escalón, Chain Wallet og Psykologidagene i Trondheim (2016)

 

Kva tenkjer du å gjera annleis neste år? Eg har lova meg sjølv å fotografere meir meir meir. 2015 har vore eit ganske dårleg fotoår til tross for at eg fekk setje mitt analoge preg på Masterutstillinga til KHiB – eg vil ha med kamera heile tida slik som eg brukte før.

 

Å finne fram, og tilbake

 

Untitled

Som siste prosjekt før eg skriv bachelor gjer eg total remake av min portfolio. Eigenprofilering om du vil. Eg har stått på hovudet ned i gamle arkiv for å prøve å få fatt i så mykje som mogeleg av det eg har laga gjennom min førebels korte karriere som grafisk designar.

Der nede fann eg også eit nedstøva minne om kor glad eg var (og er) i analog fotografering. Kor stor del av livet mitt det brukte å vera. Så no vert arbeida mine foreviga med litt for skarp blits og kornete overflater, det kjennes meir som meg. Den delen eg hadde gløymd litt vekk men er så glad for at eg fann att.

 

Klangkoppen

Untitled
Untitled
Untitled

 

Ein får gjere mykje kjekt som designar for eit plateselskap som Klangkollektivet. Dette inkluderer i år design av trykk til koppar! Perfekt match til Klangkollektivets vinylkaffi, men passar veldig bra til annan kaffi også. I dag hadde eg dei med i fotostudio, er nemleg i gang med å ta nye foto til min eigen portfolio – som er ein god anledning for å knipse eit par ekstra også.

 

 

Ikkje i stein

 

Untitled
Untitled

 

Denne veldig gule saken er ein del av oppgåvebesvarelsen i typografi-kurset me hadde i september. Det er ein tosidig plakat-foldout som utforskar handlaga vs. digitalt og tar eit steg vekk frå jakten på det perfekte / tidlause. Målet var å rive meg sjølv laus frå frykta for å lage noko stygt og omfavne det midlertidige. (det som ikkje er skrive i stein – derav namnet). Silketrykk på tynt avispapir.

 

 

Grey

Untitled
Untitled
Untitled

 

For godt over ein månad sidan farga eg håret mitt grått. Eg har aldri farga håret før, så det tok litt tid å finne den rette komboen av lilla sjampo og stålgrå toning og frisørbesøk. Det er ikkje den lettaste fargen å få til, men eg tykkjer det vart så verd det til slutt. Annleis men nøytralt.

 

 

Berlin!

 

 

Untitled

 

I januar flyttar eg til Berlin for ein månad! Som ein del av utdanninga har me internships, og eg skal vere hjå Blank Blank – eit lite kreativt kollektiv i Kreuzberg. Blank Blank gjer alt eg ønsker å gjere når eg er ferdig utdanna, så ein betre stad for meg å vere intern finns igrunn ikkje.

Det er vanskeleg å fokusere på skule for tida, men når eg løftar blikket framover finn eg krefter til å prøve endå litt til. Maler litt, har farga håret grått og brukar stipendet på å reise. Det kjennes litt som eit eventyr.

 

Font

abc-01
efg-01

 

For tida lagar me vårt eige typsnitt, og eg har byrja på denne rare displayfonten som liknar litt på ting ein finn frå før men ikkje heilt. Målet er å lage akkurat den mellomtingen eg har leita etter før men ikkje har fått tak i. Eit godt utgangspunkt for å lære programvare, og kanskje eg får brukt den til meir etter kvart!

 

 

Grain (Ísland)

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

I august var eg tilbake på Island, og heim igjen tok med meg ein kornete svartkvittrull. Det var etterlengta gjensyn, rykande varme kjelder, seine netter, skarpe vulkanar og mjukt seinsommarlys. Alt eg ønska meg pluss litt til, allereie første oktober skal eg tilbake endå ein gong. Og kanskje om eit år flyttar eg igjen, det er ein skummel fantastisk tanke. Island tar pusten frå meg på ein annan måte enn eg visste gjekk an.

 

 

PD16

 

 

Untitled

 

Untitled
Untitled

 

Første titt på designet for Psykologidagene 2016 i Trondheim! Første release er kun logo og tilhøyrande namnetrekk, men planane er store og dette ligg an til å bli eit av dei kjekkaste designprosjekta eg har arbeida med. Dette er også mitt første trønderoppdrag, kryssar fingrane for fleire. Om ein vil sjå meir er det berre å klikke seg inn på deira facebook-side!

 

Out of Reykjavík (by bus)

Utan lappen var eg pent nødt til å få rundreisinga på Island til å fungere med buss, og det vart langt ifrå så problematisk som eg hadde frykta. Her kjem ein liten tips-guide med favoritt-bussturane mine ut frå Reykjavík. Dette er berre dagsturar, lengre turar får også eit eige innlegg. Eg vil anbefale å bruke Sterna travel (http://www.sternatravel.com/) som tilbyr mange av turane sine i minibuss + at ein kan kjøpe busspass og hoppe av og på bussane deira som ein vil.

 

Untitled

 

Snæfellsnes
Snæfellsjökull, Ólafsvík, Grundarfjörður, Stykkishólmur

Her får ein Island-kysten nordover, og alt er litt hardare og spissare samanlikna med dei sørlege traktene i Reykjavík-området. Små fiskevær, vulkanar, klipper og store mosesletter. Det er så opent og trongt mellom fjella på ein gong, som alle delar av Noreg pressa saman på ei lita kystlinje. Landskapa kjend frå filmen The secret life of Walter Mitty finn du hovudsakleg her, og det er til og med endå vakrare enn dei ser ut på film. Lovar.

 

 

Reykjanes Penninsula
Reykjanes, Gunnuhver, Bláa Lónið

Dette er den første reisa ut av Reykjavik eg tok når eg kom til Island i august, og vart den staden eg besøkte igjen og igjen fordi eg vart hovudstups forelska. Bussane kjøyrer langs kysten ut frå byen og til spissen av Reykjanes, der ein utfoskar litt ved fyrtårnet og blir møtt av eit klippelandskap karakteristisk for Island. Det ser om lag ut som nokon har rive vekk ein del av kystlinja og etterlatt eit gapande sår. Men så så vakkert. Vidare finn ein rykande kokande gjørmegrunn og dampopningar ved dei varme kjeldene Gunnuhver, og turen endar ved den blå lagune der ein anten kan hoppe på ein buss tilbake til Reykjavik eller besøke kjeldene først om ein ønsker.

 

Untitled

 

South Coast
Skógafoss. Dyrhólaey, Vík, Sólheimajökull, Þorvaldseyri, Seljalandsfoss

Reisa går langs Island-kysten sørover, og her får ein nesten alt ein bør sjå på Island i ein sving. Fossar, vulkanar, klippelandskap, vulkanske sandstrender og isbre. Sjansen er stor for at ein her får oppleve den fantastiske grøne tåkete sida av landet, og ein må vere førebudd på fleire værskifte når ein reiser ei så lang strekning langs kysten. Det er mykje på ein gong så eit tips frå meg er å legge frå seg kameraet litt og berre oppleve nokre stopp også.

 

Untitled

 

Golden Circle
Nesjavellir, Þingvellir, Geysir, Gullfoss

Sjølv om dette er den mest oppbrukte turistturen i verda må den nesten vere med på tipslista. Om ein klarer å lukke augene for turistane og velje seg ein dag der det ikkje er så kjempemange som reiser er dette igrunn ein veldig vakker rundtur. Den går innover i landet og stoppar ved dei tre store, Þingvellir, Geysir og Gullfoss. Når ein reiser innover i landskapet møter ein på den store rifta som deler Island i to (spesielt synleg ved Þingvellir) – eit fenomen som er like facinerande som det er mektig å sjå på. Bottom line, det er ikkje Geysir og Gullfoss sin feil at alle turistane har blitt einige om at dei må dit helst i går – dei er verd eit besøk.

 

Kaffipause

Untitled
Untitled

Sjølv når det er ferie er det mykje å gjere. Når ein freelancar er det lett å ende opp med tusen smågreier å halde styr på framfor eitt lengre oppdrag, noko som eigentleg er berre fint, men som ein også kan verte litt sprø av å halde styr på. Plutseleg havnar det ein mail i gløymeboksen, det som skulle ta ein time tar tre, og kvar havna dei bildefilene igjen? Planleggingsboka kunne eg aldri klart meg utan, men nesten like viktig er det å berre legge den vekk av og til også. Logge av mail og setje seg i skuggen med ein kaffikopp. Å vere tilgjengeleg tjuefire timar i døgnet fungerer ikkje, om det er viktig så ringer dei opp igjen eller legger igjen ein beskjed etter pipetonen. Dette er det viktigaste eg har lært meg for å overleve og framleis tykkje at eg må vere den heldigaste eg veit som får gjere så mykje bra designoppdrag. Det er ikkje så lett å sjå når ein har tusen ting i hovudet, men når ein får det litt på avstand så blir alt litt meir overkommeleg.

 

August

 

Untitled
Untitled

I august har eg booka reise tilbake til Island og Reykjavík, og eg klarer eigentleg ikkje vente. Denne vesle øya har gjort eit usletteleg inntrykk på meg. August er den perfekte månaden for ny inspirasjon før ferien er over. Heldigvis er det nesten ein heil sommar igjen å nyte medan eg ventar.

 

Ferie

Dette har vore det mest intense semesteret på Kunst- og Designhøgskolen hittil, og eg treng ein sommar for å vere klar til hausten. Har lyst til å skrive litt gode innlegg på blogg, ikkje berre korte oppdateringar med “dette har eg produsert i det siste”, har lyst til å illustrere litt for morro skuld og fotografere stille sommardagar. Velkommen sommarferien, eg skal la meg inspirere.

 

Reykjavík, a guide

 

 

Reykjavik er ein liten by, og etter eit halvt år vart eg godt kjend med det meste av den. Eg har brukt mykje tid på å setje saman ein ordentlig guide, og håpar den kjem til nytte for nokon! Reiser å ta ut av byen kjem i ein eigen liten guide.

 

Untitled

Hallgrímskirkja
Eiríksgata

 

Ei ganske annleis og minimalistisk kyrkje. Eg tykkjer ho er heilt fantastisk både utanpå og inni – gløym ikkje å nyte synet av orgelet om du går inn (noko som er gratis). Ein kan også ta ein tur opp i tårnet for 700 ISK og få ei nydeleg utsikt 360 over Reykjavik. Det er ikkje trepper, men heis, som er litt rart men også ganske fint om ein har med seg reisefølgje som er dårleg til beins (besteforeldre for eksempel).

 

 

Sundhöll Reykjavíkur
Bergþórugata

 

Badebassenget eg kjøpte meg klippekort til under opphaldet. Det er mest sentrumsnært og har innandørs basseng pluss to hotpots utandørs. (les: alle svømmebasseng på Island har hotpots og naturleg varma basseng – og dei er svært kry over dei)

 

 

Laugardalslaug
Sundlaugarvegur 30

 

Eit større utandørs basseng om ein skulle ønske litt meir areale å boltre seg på! Ligg litt utanfor sentrum, men er lett tilgjengeleg med buss om det ikkje skal vere praktisk å gå 40-45 minuttar.

 

Untitled

 

Norræna Húsið
Sturlagata 5

 

Ein fin liten spasertur langs tjernet i midten av Reykjavik fører deg til høgskuleområdet – og dette huset. Teikna av Alvar Aalto og absolutt verd eit besøk. Det er ofte opera-konsertar her, og ei lita utstilling i kjellaren, men sjølve huset er hovedattraksjonen. Nydeleg blanding av mørkt tre, glas og betong, i alle fall arkitektur eg er stor fan av.

Tips: sett deg på ein vindusplass i Aalto Bisto og ta ein brus medan du ser utover byen. Dette er akkurat langt nok frå bykjerna til at du får eit overblikk – og det er eit vakkert skode.

 

Untitled

 

Harpa
Austurbakki 2

 

Konserthuset er eit imponerande bygg, og ligg i eit område det er vakert å spasere på dagar der vinden ikkje bles deg i bakken.

 

 

Solfar
Sæbraut (gangstien)

 

Skulpturen av Jón Gunnar Árnason ligg ved vatnet og tilbyr ein vakker utsikt til fjella og øyene utanfor Reykjavik. Absolutt verd ein spasertur, men OBS – her bles det alltid frå havet.

 

 

Listasafn Reykjavíkur (Reykjavik art museum)
Hafnarhús – Tryggvagata 17
Kjarvalsstadir – Flókagata 24
Ásmundarsafn – Stígtun

 

Utstillingane endrer seg ofte, med unntak av nokre faste. Dei er flinke til å plukke ut og vise islandske kunstnarar!

 

 

Micro Bar
Austurstræti

 

Øl! Mikroøl! Her har dei alltid 10 forskjellige på tapp og ein haug på flaske. Samanlikna med mange andre stader er 10 kanskje ikkje så mykje – men det er det meste du får i Reykjavik! Alkoholprisane er som norske.

Tips: bestill smakebrett på anten 5 eller 10 små glas med prøvar av tapp-ølet, eller gå for 0,33 framfor 0,5-glas med øl så får ein smakt litt forskjellig.

 

Untitled

 

Reykjavik Roasters
Kárastígur 1 (Frakkastígur)

 

Den beste kaffien i Reykjvavik. Dei brenner bønnene sjølv (som namnet indikerer) i lokalet med ein ganske kosleg blå kaffibrennar. Dette foregår omtrent tre gonger i veka, så sjansen er stor for at ein får sildrande kaffibønner som soundtrack til kaffien. Elles spelar dei vinyl, som er ganske bra bakgrunnsmusikk det også. Lokalet er mellomstort, og i turistsessongen må ein rekne med å måtte dele bord med fleire eller satse på takeaway. I vintermånadane er dette det ultimate krypinn der ein kan ta med seg datamaskin og notatbok og arbeide i timesvis (det er stikkontaktar for lading ved fleire av borda)

Tips: det er fleire bord bak disken, ikkje gje opp å få plass før du har sjekka der. Her får du handbrygga kaffi, gå for Kalita eller Aeropress om du vil ha svart. Om de er to eller fleire går det an å bestille ein stor Kalita på deling!

 

 

Nora Magasin
Pósthússtræti 9

 

Liten men bra meny, veldig gode hamburgarar. Bar er det også, så dei har eit godt utval av bra drikke til maten.

 

 

Bakarí Sandholt
Laugavegur 36

 

Om ein vil ete frukost ute er dette det beste alternativet. Servicen er litt over gjennomsnittleg surrete og styr unna kaffien (!) men alt anna er himmelsk. Ein får ikkje den klassiske egg-og-bacon-frukosten her, men om ein skulle kjenne seg meir i det moduset når ein kjem fram er det berre å smyge seg rett over gata til Tíu Droppar – der har dei!

Tips: om du ønsker yoghurt (med müsli) bestill Skyr (med müsli) i staden! Mykje betre.

 

Untitled

 

Grillmarkaðurinn
Lækjargata 2a

 

Dyr men så himmelsk god mat. Ein bør unna seg ein tur her om ein har råd. Og sjølvsagt: kom svolten! Om ein er her i sommarhalvåret kan det vere lurt å bestille bord for sikkerheits skuld. Men på generell basis blir det sjeldan heilt fullt ein stad i Reykjavik. (med unntak av Reykjavik Roasters)

 

Untitled

 

Pizzastaðurinn á Hverfisgötu 12
Hverfisgata 12

 

Her finns det masse rar og bra pizza. Huset kan vere vanskeleg å finne, då det er veldig anonymt. Staden har ikkje eingong eit namn, den vert berre kalla pizzaplassen i Hverfisgata 12. Finn adressen og gå opp treppene til eit kvitt hus, så er du på rett veg.

 

 

Gandhi
Pósthússtræti 15

 

Den beste indiske restauranten i Reykjavik utan tvil. Maten tar litt tid, så ikkje gå hit om du er akutt svolten. Opnar ikkje før 17:30 som er eit minus for meg som gjerne vil ha mat litt før, men det er verd å vente på. Har prøvd omtrent halve menyen i løpet av mitt opphald – og ingenting har skuffa.

Tips: musikken her er ganske fæl, men heldigvis ganske låg. Ikkje sett deg rett under høgtalarane om det er mogeleg å velje eit anna bord.

 

 

Prikið
Bankastræti 12

 

Den beste burgaren i Reykjavik, kanskje den beste på Island til og med. Også ein hyggeleg stad å ta ein øl i kveldinga, gjerne i kombinasjon med den berømte burgaren.

 

 

Gló
Laugavegur 20b

 

Enkle og billege vegetariske og veganske rettar, servert på flekken. Mange nyttar dette som dagleg lunsjstad, og er perfekt for studentlommebøker som vil ha god sunn mat raskt.

 

Untitled

 

Valdís
Grandagarður 21

 

Is is is! Er det fint vær? Spaser ned til dette herlege havneområdet og nyt ein fantastisk is. I mine auger blir det aldri for kaldt for is, men i regnvær er både spaserturen og isetinga utandørs kanskje litt kjeisam.

 

 

Spúútnik
Laugavegur

 

Ganske stor men ganske oversiktleg vintagebutikk. Muligens min personlege favoritt. Super stad å gå på skattejakt – og sjansane er store for at ein finn noko nedgravd. Prisane her er ganske bra, og nokre gonger har dei det som heiter Kilo-marknad, altså ein betaler pr. kg klær. Då kan ein tjene mykje på å gå for dei litt tynne skjørta eller dei fluffy strikkegensarane – som gjerne ikkje veg like mykje som dei er verd!

Prisane er etter mi meining litt høge for seconhand. Men prisnivået på Island er om lag som i Noreg, så eg forventa igrunn ikkje noko anna.

 

 

Kiosk
Laugavegur 65

 

Ein butikk i felleseige av fleire islandske designarar. Det er stor variasjon av stilar og produkt – alt frå vinterkåper til badedrakter. Ein stad ein bør stikke innom rett og slett for å sjå kva Reykjavik-baserte designarar driver med, bli inspirert og kanskje finne den perfekte gensaren mellom alt det rare (det gjorde i alle fall eg).

Tips: Kyrja er til salgs her, ein av mine island-favorittar.

 

 

Geysir
Skólavörðurstíg 9

 

God blanding av Islandske designarar og internasjonale hits som Red Wings og Barbour. Danske Ganni har sneke seg med her også. Klær på Island bær preg av å setje funksjonalitet og haldbarheit først, fordi det er det som fungerer her. Geysir tilbyr varme klær i eit heimekosleg lokale.

 

 

Myrin
Hafnarhus (Geirsgata 9)
Kringlan (shopping senter)

 

Har litt diverse nips og naps til heimen, samt klær frå finske Samuji. Hadde ikkje høyrd om Samuji før eg flytta til Island, men vart ganske kjapt forelska. Prisnivået er over gjennomsnittleg høgt som i dei fleste butikkar på Island, men kvalitetsnivået ligg like høgt. Dessutan er det heilt gratis å sjå og bli inspirert.

 

Untitled

 

GK Reykjavik
Bankastræti 11

 

Klassiske klær frå merker som Wood Wood og Won Hundred ++, om ein skal ha med seg litt god gamaldags shopping.

 

Untitled

 

KronKron
Laugavegur 63B

 

Om ein er ute etter litt designarklede er dette butikken å stikke innom. Atmosfæren står i stor kontrast til det typiske skandinaviske klessiske som ofte er i designarbutikkane her heime, og ein finn noko for einkvar smak og stil.

 

 

12 Tónar
Skólavörðurstíg 15

 

Musikkbutikk med utval både av CD og LP. Om ein smyger seg ned ei vindetrapp har dei eit eige lyttehjørne der ein kan lytte gjennom både LP- og CD-platene før ein eventuelt kjøper noko. Det kjennes som ein privat liten klubb i kjellaren, og det er lov å berre nyte musikk utan nokon intensjonar om kjøp også.

 

 

Eymundsson
Austurstræti 18
+
Skólavörðurstíg 11

 

I Austurstræti har Eymundsson fire etasjar med bøker og magasin, og det er absolutt det største utvalet ein finn. Ikkje la deg lure av turistbøkene ved inngangen, resten av bygget er ikkje turistprega. Te & Kaffi har ein avdeling i øverste etasje, og det er lov å plukke med seg magasin (max 3) og lese dei her gratis.

Tips: om du vil kjøpe magasin trekk fram det bakerste, dei to fremste er mest truleg lest eit par gonger i kafeen. Oftast er det ingen skader, men det er kjedeleg om ei side eller to skal ha krølla seg.

 

Untitled

 

Spark Design Space
Klapparstígur 33

 

Her får islandske designarar, kunstnarar og fotografar vist seg fram. Dei har mellom anna kunstkart frå byar over heile verda, som er passe enkle og fine. Prisane er høge, men dette er ein butikk det er lov å berre sjå i.