Masterutstillingen i design 2015

 

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

Eit utval av fotoa eg har tatt av masterstudentane, i dag ligg det flyers rundtom i Bergen med desse fotoa + meir info om Masterutstillingen i Design 2015. Ein superbra trykksak, sjølv om leveringa var litt på overtid. Om du vil sjå meir kan du klikke deg inn på muid15.khib.no eller om du er i Bergen: ta deg ein kaffi og brett ut ein kick-ass kaféflyer.

 

 

Analog

Saknar å fotografere analogt! Har lova meg sjølv å rote fram igjen heile samlinga, spandere på meg litt storpakningar med filmrull og setje i gong igjen. Booke meg eit fly til Island med berre kamera og tannkost i sekken.

 

 

Triple

Untitled

Eg er fotograf (og art director, puh) for Masterutstillingen i design 2015 (Kunst- og designhøgskolen i Bergen), og dette er ein foto-smakebit frå våre dagar i fotostudioet. Bildene er tatt analogt og eksponert fleire gonger, og eg kan ikkje hugse å ha vore så sliten etter å ha fotografert nokongong før.

 

Krakow

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

Sju dagar på studietur i Krakow, designstudiobesøk, museum, gatevandring, tedrikking, mat, øl, og endå litt meir mat og øl. Kollapsa på sofaen då eg kom heim til påskeferie, det er slik ein veit at det har vore ein bra tur.

 

Jazzkurs

Untitled
Untitled
Untitled

Den siste veka har eg vore på studietur i Krakow, men meir om det ein annan gong. Rett før me reiste gjekk mitt andre arbeid for Norsk Jazzforum / Vestnorsk Jazzsenter i trykken, plakat + flyer for jazzkurs dei arrangerer i sommar. Om lag slik vart dei, no ventar påskeferien med meir freelancing.