Ice

Untitled
Untitled

 

I to veker har me valfritt prosjekt på KHiB (min favoritt, ja takk meir av det) og eg lagar ein 32 siders svær (A3) booklet med masse rare Island-greier. Kodar også ei lita heimeside som skal høyre til, sånn for læringsmål-breidden si skuld. Trykker silketrykk, lagar collage og redigerer digitalt om einannan, øver meg på å lage meir rotete ting (eg har ein tendens til å bli veldig ryddig i designa mine). Gøy å få gjere sprø ting med Island-matreale.

 

 

Tellef Raabe

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Totebags og t-skjorter eg designa for mørk pop/folk-artist Tellef Raabe. Dei er svarte med svart trykk, eit vellukka eksperiment. Litt vanskelege å ta bilde av sidan både stoff og trykk er svart, men endeleg fekk eg gjort eit forsøk og det vart ikkje så verst. Printet er teikna etter foto av Sólheimajökull, endå eit Island-prega design altså!

 

 

Analog

Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled
Untitled

 

Island-filmrullane klarte seg ikkje så bra gjennom transportetappen. To av tre kom tilbake frå framkalling blanke, og eg prisa meg lukkeleg for at eg har tatt så mange digitale bilder under opphaldet. Kjipt er det likevel, for eg veit dei hadde blitt så bra om dei berre hadde fått blitt med meg heim! Dei som kom fram er eg i alle fall nøgd med, så får eg heller reise opp igjen å ta fleire bilder til sommaren.