On goodbyes

 

Eg hatar at ting tar slutt. Eg er ein person med kjensler i heile meg, heilt ned i det ytterste av tærne, og når eg må ta farvel med noko bra verker det i kvar centimeter. Og eg gruar meg til å ta farvel med Reykajvik. Ikkje fordi eg ikkje vil heim igjen, eller fordi eg ikkje har sakna Bergen og venner og hund og sognefjell. Men fordi eg tar farvel med eit heilt spesielt halvår som eg ikkje får tilbake. På både godt og vondt.

 

Eg har møtt menneske her, oppdaga stader her, kjent meg på rett plass her på ein annan måte enn eg har gjort før. Eg tenkte aldri på at eg kunne bli så knytta til denne staden før eg kom hit. Det skulle vere eit halvtårs eventyr og så tilbake til verkelegheita. Men eventyret vart så verkeleg. Og akkurat no vil eg berre at det skal vare endå litt til.

 

Det kjennes rart at nesten eit år med planlegging, søking, venting og papirfiksing kan renne vekk mellom fingrane i så høg fart. At fem månader kan spolast gjennom, og dei inkluderte ikkje eingong ein pauseknapp. Men kanskje det er akkurat slik det skal vere. Kanskje Island er ein stad eg ikkje skal få nok av heilt endå, kanskje ein stad eg ikkje skal få nok av på lenge.

 

Til sommaren skal eg tilbake, og kanskje ein liten tur litt før den tid også, om eg ikkje klarer å vente. Eventyret treng ikkje vere over sjølv om eg ikkje skal bu her meir. Det er det som er så fint med stader som dette, dei har ein tendens til å vere der når ein kjem tilbake også. Ein treng ikkje seie hadet, men på gjensyn.

 

 

Join the Conversation

5 Comments

  1. Jeg kjenner meg igjen! Man legger igjen en liten del av seg selv når man bor og trives et sted, men heldigvis kan man alltid reise tilbake, og da føles alt som før. Nyt tida som gjenstår!

  2. Så nydeleg skrive Johanne. Utruleg vakkert.

    Slenger meg på Eirin sin kommentar – nett slik eg kjenner det for Frankrike! Slår Trondheim ned i støvlane foreløbig, men det skal bli jævlig kjekt etter jul har eg bestemt meg for! Så er det som du seier – på gjensyn! Det håpar eg gjeld oss også – fekk desverre ikkje besøkt deg på Island – så gler meg til Bergenstur på nyåret!

    Klem frå Oslo, der vi feirer jul 🙂

Leave a comment

Leave a Reply to Synne Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *