Phonodesign

PHONO
PHONO
PHONO

EIN DRAUM SOM VART VERKELEGHEIT

Eg har eigentleg aldri vunne noko stort før. Og eg trudde ikkje eg skulle gjere det denne gongen heller. Eg hadde eigentleg tenkt å ikkje prøve, men bestemte meg for å ha det som personleg mål å i det minste levere frå meg eit bidrag eg var nøgd med.

“Tusen takk for ditt bidrag til designkonkurransen. Vi har fått inn mange gode forslag i år og konkurransen var tøff. Ditt bidrag var kreativt, og du har en spennende teknikk, derfor ønsker vi i Phonostyret å tilby deg stillingen som festivalgrafiker.”

 

Det at eg er festivalgrafikar betyr at eg enkelt og greit skal designe alt det grafiske til Phono. Plakatar, t-skjorter, totebags, programhefte, webside, flyers, alt. Eg er forferdeleg stolt, det må vel vere lov å seie. Dette er ein så stor muligheit at den tar litt pusten frå meg. Heile Bergen og kanskje fleire skal sjå plakatane mine, folk kjem til å kjøpe t-skjorter og totebags som eg har designa, bla i program som eg har bestemt korleis skal sjå ut.

Eg er livredd også sjølvsagt, fordi tenk om det ikkje blir bra nok. Tenk om eg ikkje er flink nok likevel. Tenk om.

Men så har dei jo vald meg, fordi dei ville ha meg. Fordi dei tykkjer eg er god nok. Det er litt lettare å tru på seg sjølv når andre gjer det. Og dette er så viktig for meg (fordi no er eg jo faktisk grafisk designar ganske på ordentleg) at eg veit eg skal få det til. Og ha det fantastisk fantastisk gøy samtidig.

Eg kjem til å halde blogg oppdatert på vidare utvikling, eg har til og med gitt Phonofestivalen 2013 ein eigen kategori – fordi dette er ein jobb (ja eg får betalt også) som kjem til å oppta meg enormt fram til september når alt plutseleg er over.

Join the Conversation

42 Comments

  1. Åååh, nå ble jeg glad! Gratulerer med jobb som festivalgrafiker. Bare gjør ditt beste og det får jaggu være bra nok (i hvert fall så flink som du er). Gleder meg til å lese mer på bloggen din fremover nå som du har hoppet inn i bloggverdenen igjen (med begge beina).

  2. Herregud Johanne, det er berre SÅÅÅÅÅÅ kult!!!! Skal vere ein gal fan som kjøper alt du lagar <3 Håpar eg får anledning til å vere med på festivalen. Du er fantastisk! Tusen ganger gratulerer. Nydelig innlegg, og herlige bilder av deg. Eg er ikkje overraska over at du vinner store ting, and more will come! Stor klem frå Ragnhild

  3. Åherregud, gratulerar, Johanne!! Kjem til å smile og føle meg litt stolt (sjølv om eg ikkje kjenner deg, hihi) når eg ser dei plakatane rundt om i byen. Superduperfine. Gratulerar! Dette blir bra.

  4. Gratulerer så mykje!!
    åå, så gøy! Tykkjer plakaten var kjempefin!
    det var vel fortjent! Lykke til vidare! Det kan lett gå godt!

  5. Oi! Gratulerer! Det som et utrolig spennende prosjekt og en helt perfekt jobb for deg 😀 Er sikker på at du takler oppgaven veldig bra, du er jo flink med grafiske saker!

  6. STAS! Jeg er så sykt glad på dine vegne, og er ikke overrasket over at du vant. Tror du kommer til å lykkes bra som grafisk designer, du er kjempeflink! Gleder meg til å se resultatet!

  7. Jeg tror jeg allerede har gratulert, men jeg kan jo føye til at jeg nesten hundre prosent sikkert kommer til å kjøpe en av totebagsene du designer. Gleder meg til det. Dette er så gøy, og gratulerer, igjen 🙂

  8. så himla flink du er! gratulerer så mye. det er en veldig stor mulighet, tenk å kunne kalle seg grafisk designer (på ordentlig!). wow!

  9. Æææh! Så spennende! Elsker bidraget ditt! Kanskje eg må til Bergen for å stjele med meg ein plakat? Du er kjempeflink! Og lykke til med å designe, eg har trua på at du klarer det kjempebra! Stå på 😀

  10. CRAZY bananas!! ÅH – jeg er SÅ stolt av deg!! Skummelt, så klart, men jeg har også troa på deg, Johanne. Det er råkult at folk skal gå rundt med dine design. Iiiik! Lyyyykke til – og jeg gleeder meg til å se mer fra dette, hihi

Leave a comment

Leave a Reply to Mari Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *